Språkkafeen er eit tiltak som byrja for snart eitt år sidan, og flyktningar er med som frivillige både på språkkafé og med andre aktivitetar.
Torun Lucassen er koordinator for flyktningguidar i Førde Røde Kors og ansvarleg for språkkafeen, som blir arrangert annankvar torsdag.
– Målet er å ha ein sosial arena for asylsøkarar og busette flyktningar, der det viktige er å snakke norsk og å møte nordmenn og flyktningar som har vore her lenger.
Viktige ressursar
Lucassen og Røde Kors meiner det er viktig at flyktningar kan vere med å bidra til ting som skjer i samfunnet.
– Nordmenn treng å sjå at flyktningar har ressursar, at dei ikkje er ei belastning for samfunnet, men eit gode for samfunnet.
Ho meiner det er verdifullt å gjere aktivitetar saman med flyktningar, fordi ein då blir kjend med enkeltmenneske og ikkje ser på flyktningar som ei gruppe.
Eman Alibrahim har vore med å hjelpe til på språkkafeen i nesten eitt år, og ho seier at ho har hatt mest språkleg utbytte av å vere med. Men ho har òg eit godt sosialt utbytte av å vere med. Når NRK besøker språkkafeen, har ho bursdag.
– Det er ikkje ofte eg feirar bursdag, men det er kjekt at alle eg kjenner her seier gratulerer med dagen, seier ho.
Og i anledning bursdagen lærer ho villig vekk korleis ein seier gratulerer med dagen på arabisk.
Treng aktivitetar
Fata Tajik er med for andre gong. Han har sjølv vore lenge i Førde, men har nokre kameratar som har vore her i veldig kort tid.
Derfor køyrer han dei til språkkafeen, og slik har han sjølv òg blitt med.
– Dei kan ikkje språket enno, så dei sit berre på mottaket. Derfor tar eg dei med hit, og så speler vi òg fotball tre dagar i veka. I helga kjem dei på besøk til meg og så lagar vi mat, seier Fata.