Hopp til innhold

Lærdal på rekordjakt - vil bli tørrast og heitast i landet

Å vere av dei varmaste og tørraste stadane i landet er ikkje godt nok for Lærdal og ordførar Jan Geir Solheim. Han har planen klar for å toppe finvêrsstatistikken.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim meiner vêrstasjonen må flyttast til Ljøsne.

ATTRAKTIVT: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, meiner kommunen blir meir attraktiv å bu i om dei kan skilte med å vere tørrast og varmast i landet.

Foto: Ole Andre Rekkedal

– Eg er lei av å berre vere ein av dei tørraste stadane i landet. Når vi har sjansen, og berre ved hjelp av nokre små grep kan slost heilt i toppen, så meiner eg det er verdt det, seier ordførar Jan Geir Solheim.

I dag står Meteorologisk institutt sin offisielle målestasjon på Lærdalsøyri, og ordføraren er ikkje heilt nøgd med plasseringa.

– Eg har ikkje tenkt å gjere noko med klimaet, men vil gjerne flytte målestasjonen til eit anna punkt i dalen. Då trur eg vi blir både tørrast og varmast i landet, utdjupar Solheim.

SJÅ TV-SAK OM FLYTTING AV VÊRSTASJONEN I LÆRDAL:
(saka held fram under videoen)

Lærdal vil flytte ein vêrstasjon for å bli varmast og tørrast i landet.

Dei stadane som per i dag er rekna som tørrast i landet er Skjåk, Lom og Saltdal.

Trygge på store skilnadar

Dagens målestasjon ligg nært elva, noko Solheim meiner fører til mykje trekk. Den er også tett på havoverflata, medan det i kommunen også bur folk heilt opp mot 700 meter over havet.

Solheim ynskjer å flytte målestasjonen til ein eplehage på Ljøsne, om lag ei mil opp i dalen. Der finst det i dag allereie ein privat målestasjon, som Lars Petter Nesse driv. Han må nærast ha vasspreiaren på for å fylle opp nedbørsmålaren.

– Det regna nede på Lærdalsøyri måndag, og det viste ingenting i min målar. Eg har ikkje vitskaplege tal på skilnaden mellom målestasjonane her i Lærdal, men etter å ha levd her på Ljøsne heile livet, meiner eg området her er det tørraste i landet, seier Nesse.

Lars Petter Nesse meiner Ljøsne i Lærdal er tørrast i landet.

TØRRAST: Lars Petter Nesse meiner Ljøsne i Lærdal er tørrast i landet.

Foto: Ole Andre Rekkedal

– Skal godt gjerast å hamle opp med Skjåk

Meteorologisk institutt har i dag kring 230 vêrstasjonar på fastlandet som rapporterer inn detaljar om nedbør, temperatur og vind. I tillegg er det 400 nedbørsstasjonar, som berre måler kor mykje regn eller snø som har kome.

Å flytte ein av desse stasjonane er ikkje umogleg, men Stein Kristiansen, ved Meteorologisk institutt meiner det er lite truleg at det vil føre til ny plassering på lista for Lærdal.

– Det kjem lite nedbør i Lærdal, berre litt over 500 millimeter i løpet av eit år. Men skal dei klare å toppe statistikken så må dei kvitte seg med nær 200 millimeter i løpet av eit år.

For medan det på Lærdalsøyri kjem kring 508 millimeter nedbør i løpet av eit normalår, er tilsvarande nedbørstal for Skjåk 278 mm og 291 mm for Saltdal.

– Berre bra nok å vere best

Trass i korte avstandar mellom dei to målestasjonane i Lærdal, og tvil frå meteorologisk hald, er ordførar Solheim overbevist om at flytting er nøkkelen til ei topplassering.

– Ved å flytte stasjonen til 50–70 meter over havet, så blir det eit rettare bilete av klimaet i kommunen. Vi må vere best, det er ikkje godt nok å vere nummer to eller tre. Vi ynskjer å vere ein attraktiv stad å flytte til, og folk vil ikkje ha regn der dei bur, seier ordførar Solheim med glimt i auget.