Bjørn Sandsmark, Asgeir Årdal og Even Hole - BLI BETRE PÅ SKI: Bjørn Sandsmark, Asgeir Årdal og Even Hole gir det gode råd og triks. - Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

BLI BETRE PÅ SKI: Bjørn Sandsmark, Asgeir Årdal og Even Hole gir det gode råd og triks.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Lær deg skiteknikk med NRK

Alpint, telemark eller langrenn? Skal du ut på ski i påska, kan du få nyttige tips her.

Sjå korleis du kan forbetre teknikken din i langrenn. Tidlegare verdscupløpar Asgeir Årdal viser deg sine beste triks!

Sjå videoane i saka og du kan lære deg både klassisk og skøyting.

Alpint

Hole var ein av dei beste norske alpinistane på 1980-talet og seinare landslagstrenar for det norske damelandslaget i alpint. No viser han deg nokre triks som gjer deg flinkare i skibakken.

Telemark

Det er også mange som svergar til telemarkskøyring. Bjørn Sandsmark viser deg korleis telemarkssvingane kan gå som ein leik.

Sandsmark har hatt fleire telemarkskurs, og veit kva folk slit med å få til. Han meiner det er lettast å lære damene triksa sine. Karane har problem med at dei ikkje kan ploge. Dei får berre større og større fart og klarer ikkje å stoppe. Sjå videoane og du kan bli mykje flinkare.

Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.
Her kan du sjå den TV-sendinga der Årets kulturidé 2013 blei kåra.