Hopp til innhold

Slik får du betre alpin-teknikk

Har du drøymt om å bli like god som Kjetil Jansrud? Her har du sjansen.

Even Hole

BEST: Even Hole var sjølv ein av dei beste norske alpinistane på 1980-talet. Her kan du lære deg nokre triks som gjer deg flinkare i skibakken.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Even Hole har lært dei beste kvinnelege alpinistane i Norge å stå på slalåm. Saman med NRK lærer den tidlegare toppalpinisten deg triksa som kan gjere deg til den neste meisteren.

Hole tek oss med til Blomlia, like utanfor Førde. Bakken her er bratt og passer ypparleg til å vise teknikk.

Hole var ein av dei beste norske alpinistane på 1980-talet og seinare landslagstrenar for det norske damelandslaget i alpint. No er han alpintrenar på Voss vidaregåande skule og vekependlar til Førde.

Even har hatt mange timar i slalåmbakken der han instruerer toppalpinistar ned til den minste detalj. No vil han dele sine erfaringar.

Grunnleggjande teknikk:

Korleis køyre alpint

Lær deg grunnleggjande teknikk i alpint

Det er ein heilt annan måte å køyre slalåm på etter at carvingskia kom for nokre år sidan, fortel Hole.

Korleis skal du stå på skia:

Created by InfoDispatcher

Det er viktig med rett stilling

Korleis ein står på skia er viktig. Her viser Even korleis ein har kroppsstillinga.

Skal sjå ut som eit trikkespor:
Alpin-kurs

Dess meir ein kantar skia, dess meir svingar carvingskia. Ein skal kante skia slik at det ser ut som eit trikkespor etterpå, forklarar Hole.

Kva ski skal ein velje:

Alpin-kurs

Kor lange skal skia vere?

Even meiner at ein kan velje så lange ski som ein sjølv vil, men dess kortare skia er, dess lettare er det å svinge korte svingar. Dersom ein likar meir fart, må ein velje lengre ski.

Slalåmsving med korte ski:
alpinkurs

Dess kortare ski, dess lettare å svinge

Ved korte ski, så kan ein lett lage slalomsvingar. her viser Even deg korleis. Det er ganske mykje «slush» i bakken og is under denne dagen. Då det er ikkje lett å køyre teknisk rett for vanlege folk. Even er vant til alle slags tilhøve i bakken.

Korleis bruke stavane:
alpin-kurs

I utfor held ein stavane inntil kroppen

Stavane brukar ein der det er mest kraft. Når olbogen er nitti grader, er stavane lange nok. På biletet viser han utforstilling. Det var utfor som var Even Hole sin beste disiplin den gongen han konkurrerte.

«Ikkje bruk for store sko»
alpin-kurs Even Hole

Skoa må sitje godt

Det er viktig at alpinskoa ikkje er for store. Ein må dessutan stramme bindingane passeleg, er rådet frå Even Hole. Dersom ein køyrer konkurranse, strammar ein dei hardt, og løyser dei att når ein kjem ned.

Slik svingar du i storslalåm:
Alpin-kurs

Det er ulik måte å svinge på ved større fart

Ved storslalåm så tek ein lengre svingar. Even viser deg korleis her.

Slik skal du ikkje gjere det...
alpin-kurs

Even Hole viser deg med glimt i auge korleis ein ikkje køyrer.