Hopp til innhold

Tooji skal spele i Florø i sommar

Den norske Melodi Grand Prix-vinnaren Tooji Keshtkar kjem til Florø att i sommar. Det gjer også Lise Karlsnes når ein splitter ny festival ser dagens lys i kystbyen.

Tooji

NO KJEM HAN TILBAKE TIL FLORØ: Tooji skal spele på ein ny festival i sommar.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

– Vi reknar med at dette vil trekkje til seg mykje unge folk, seier Per Øyvind Helle, marknadssjef i aktivitetetsselskapet HippHippFlora.

Kan ha vunne heile konkurransen

Per Øyvind Helle og MGP i Florø

SKIPAR TIL NY FESTIVAL: Arrangør Per Øyvind Helle håpar folk vil flokke til konsert med Tooji, som vann med eit eldsprakande show i Florø.

Foto: Oddleif Løset, NRK/privat (Montasje)

Selskapet arrangerte Melodi Grand Prix-finalen i Florø 4. februar i år, der både Tooji og Karlsnes gjekk vidare til hovudfinalen i Oslo. Ei veke etter var det Tooji som trekte det lengste strået og skal representere Noreg i Baku i Aserbajdsjan den 26. mai, med songen Stay.

Det kan altså vere vinnaren av Eurovision Song Contest som spelar i Florø månaden etter.

Folkefestival tek over for fotballfest

Då skipar nemleg Helle i tospann med Roy Austbø til ein heilt ny festival: SommarFlora frå 28. til 30. juni. Helle kallar SommarFlora ei vidareføring av FotballFlora, som vart arrangert frå 2006 til og med i fjor sommar.

Då regna festivalen vekk.

Planane om ei storstila fotballturnering, eit slags «Norway Cup for vaksne», er førebels lagde på is. I staden satsar no HippHippFlora på å etablere SommarFlora som den store «folkelege» sommarfestivalen, med aktivitetar for folk i alle aldrar både på dag- og kveldstid.

Florø sentrum blir festivalområde

Strandgata blir festivalgate, og Trovikkaia og Rådhusplassen blir festivalområde. Helle trekkjer fram sirkusskule for born og sykkelrittet «Tør de Trovik» som store satsingar i festivalen.

– Vi hadde ein tilsvarande «tør» på ski i samband med MGP-finalen i vinter, med stor suksess. Den håpar vi å gjenta med sommarversjonen på sykkel, seier Helle.

Artikkelen held fram under biletet.

Lise Karlsnes i MGP Florø

HO KJEM OGSÅ TILBAKE: Lise Karlsnes gav alt både i Florø og Oslo.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Helle håpar at folk vil flokke til festivalen, særleg dei unge. HippHippFlora har søkt om pengar frå den fylkeskommunale kulturkortordninga.

Kulturkortmidlar blir gjevne til kulturarrangement som rettar seg mot ungdom mellom 16 og 20 år.

– SommarFlora vil selje konsertbillettar for halv pris til denne aldersgruppa, fortel Helle.

Fleire store namn kjem

Utanom Tooji og Karlsnes har festivalarrangørane fått stadfest at Dag Ingebrigtsen kjem. Han er kjend frå The Kids, som står bak den eviggrøne slageren «Forelska i lærer'n». Helle har elles fleire store namn på bestillingsblokka, og avslører at fleire lokale band også vil få sjansen til å vise seg fram.

Unge songtalent kan melde seg på songkonkurranse, det vil bli workshop i dans og altså mykje liv i sentrum av Florø denne sommaren.

Kryssar fingrane for Tooji

Artikkelen held fram under biletet.

Tooji i MGP Florø

DET NORSKE HÅPET: Tooji kan syte for folkefest i Florø.

Foto: Oddleif Løset/NRK

SommarFlora er eit samarbeidsprosjekt med fleire andre organisasjonar i nærområdet. Helle har stor tru på den nye festivalen, og kryssar fingrane for at det blir norsk siger i Baku i mai.

– I så fall vil alt liggje til rette for ein retteleg folkefest i Florø, trur Helle.