Hopp til innhold

FotballFlora regna vekk

Eit fæla styggevêr gjorde at årets FotballFlora ikkje gjekk heilt etter planane for arrangøren.

Jahn Teigen på FotballFlora 2011

REGN: Det var ikkje fritt for regnvêr då Jahn Teigen entra scena laurdag kveld. Likevel var det ein god dag, meiner arrangør Roy Austbø.

Foto: Einvind Nordvik Hauge

Himmelen opna seg over publikum i sentrum av Florø då kjende artistar som Kurt Nilsen, Marion Ravn og Alejandro Fuentes entra scena i Florø fredag kveld.

Det skremde vekk ein del av publikumet og Roy Austbø i arrangørselskapet HippHipp Flora vedgår at det sette sine spor på billettsalet.

- Det var ikkje så veldig mykje publikum på fredagen, men på laurdagen var det bra, seier Austbø til NRK.no søndag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alejandro Fuentes på FotballFlora2011

PÅ SCENA: Alejandro Fuentes var blant dei kjende artistane som diska opp med musikk frå scena midt i sentrum.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

- Høgdepunktet var Jahn Teigen

Programmet på FotballFlora i år hadde alt frå engelske fotballegender, Tuftekamp og konsertar med fleire store artistar. Arrangementet er den største årlege sommarfestivalen i kystbyen og kombinerer fotball med musikk.

For Austbø var høgdepunktet konserten med Jahn Teigen på storscena midt i Strandgata laurdag kveld.

- Han er berre heilt fantastisk. Han behøvde knapt å synge sjølv for alle song med han, seier Austbø imponert.

Usikkert for neste år

Til no har ikkje arrangørane i HippHipp Flora fått gått nærare inn på billettsalet og resultata etter helga.

- Men det har nok ikkje gått så bra som vi hadde håpa. Vêret er alfa omega når ting skal skje utandørs, det er ikkje noko å leggje skjul på, seier Austbø.

Han trekk fram at dei har fått svært mange gode tilbakemeldingar, men vil på noverande tidspunkt ikkje love at det vert FotballFlora igjen til neste år.

PS: NRK har tekniske problem og får difor ikkje publisert biletegalleri frå FotballFlora sødang. Vi kjem attende med dette på eit seinare tidspunkt.