Hopp til innhold

- Ein bra dag for Sogn og Fjordane

I budsjettforliket som vart lagt fram i dag, vert kutta i fylkeskommunen sin økonomi halvert. Dette gjer at Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje vert så hardt råka som frykta.

Sveinung Rotevatn i Venstre smiler lurt

ALL GRUNN TIL Å SMILE: Kutta i fylkeskommunen sin økonomi er halvert i budsjettforliket som vert klart i dag. Det er Venstre sin stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn svært nøgd med.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Venstre sin stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn er svært nøgd med at kutta i den fylkeskommunale økonomien ikkje vert så store som i forslaget til statsbudsjett som kom tidlegare i haust.

I budsjettforliket som vart lagt fram i dag, som er forhandla fram av regjeringspartia, Kristeleg Folkeparti og Venstre, vert kutta i fylkeskommunen sin økonomi halvert.

Regjeringspartia ville i forslaget til statsbudsjettet påføre kutta i fylkeskommunen sin økonomi på vel 240 millionar kroner årleg. Venstre har ynskt eit anna opplegg, og har no fått gjennomslag, seier Rotevatn. Han kallar det ein gledas dag.

60 millionar kroner ekstra

– Venstre har fått gjennomslag for det vi ønskte, så vi legg inn 60 millionar ekstra i tapskompensasjon til fylkeskommunar som har vorte særleg hardt råka. Brorparten av dette vil gå til Sogn og Fjordane, noko som gjer at fylket vårt halverer kuttbehova, seier Rotevatn.

– Har det vore vanskeleg å få det igjennom?

– Det har vore forståing hos dei borgelege partia at det er nokre fylkeskommunar som har kome særleg dårleg ut med det nye inntektssystemet. Vi skal stå samla bak det som no vert presentert, seier Rotevatn og fortsett:

– Det var dette vi i Venstre la inn i vårt alternative budsjett, og det var viktig for oss, fordi vi ser at dei kutta som vart foreslått, ville råke Sogn og Fjordane hardt.

Viktig å vareta fylkeskommunale tilbod

Venstrepolitikaren meiner det er svært viktig at kutt i fylkeskommunen sin økonomi ikkje vert halvert, slik som forslaget opphavleg var. Dei ekstra midla som no er lagt inn gjer at fylkeskommunen kan vareta mange av tilboda som eksisterer i dag:

– Det er kjempeviktig for å vareta vidaregåande skular, samferdsle og ikkje minst kulturtilbod, seier Rotevatn.

Han understrekar at budsjettet skal opp til politisk behandling i Stortinget, men er trygg på at det ser lyst ut for Sogn og Fjordane.

– Så skal jo budsjettet bli vedtatt i Stortinget, og vi har framleis ein veg å gå med komitéarbeid med å sørgje for ein forpliktande opptrappingsplan, men det har eg tru på at vi skal få til. Da vert det mykje enklare å vedta budsjettet for Sogn og Fjordane, og det er viktig for Venstre, avsluttar Rotevatn.