Hopp til innhold

Kom uskadd frå motorsykkelvelt

Føraren av ein motorsykkel kom tilsynelatande uskadd frå det, då han sklei av vegen mellom Grov og Norddalsfjordbrua i Flora måndag ettermiddag.

Motorsykkeluhell Grov

SKLEI UT: Føraren av motorsykkelen kom til alt hell uskadd frå uhellet på fylkesveg 614.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Ein bil hadde fått havari og stod i vegbana. Då ein annan bil skulle køyre forbi denne bilen, kom motorsykkelen imot. Han måtte gjere ein unnamanøver og hamna på sida, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy til NRK.

Vegen er ikkje stengd på staden, som ligg langs fylkesveg 614 i retning Svelgen.

I Romsdalen omkom ein motorsykkelførar i ein kollisjon med ein lastebil på riksveg 136.

På fylkesveg 55 i Lom blei ein 60 år gamal mann frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim etter ei anna motorsykkelulukke i dag.

Motorsykkeluhell Grov

FULL UTRYKNING: Både politi, brannvesen og ambulansar rykte for sikkerheits skuld ut til uhellet ved Grov.

Foto: Truls Kleiven / NRK
Norddalsfjord