Hopp til innhold

Motorsyklist omkom i kollisjon med lastebil

Føraren av ein motorsykkel omkom då han kolliderte med ein lastebil i Naustdalstunnelen på riksveg 5 laurdag føremiddag.

trafikkulukke naustdalstunnelen

FRAMLEIS STENGD: Tunnelen er framleis stengd etter dødsulykka i Naustdalstunnelen.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det var ei front mot front ulukke og føraren av motorsyklisten er omkomen, opplyser operasjonsleiar Kjetil Drange ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det er oppretta kriseteam i Florø for å ta hand om føraren av lastebilen, og dei pårørande til den omkomne. Lastebilsjåføren skal ha komme fysisk uskadd frå ulykka.

– Motorsykkelen har komme i retning Førde, medan lastebilen har komme i motsett retning, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Stig Inge Hauge.

Tok fyr i det eine køyretøyet

Ulykka har skjedd om lag 1,2 kilometer inne i tunnelen, frå Svarthumle-sida. Det skal ha oppstått store materielle skadar i samanstøyten.

Det oppstod også ein brann i det eine køyretøyet i samband med ulykka, men denne vart sløkt relativt raskt.

Meldinga om ulukka kom like før klokka elleve, og alle naudetatane kom til staden.

– Vi har ikkje oversikt over korleis ulykka skjedde. Politiet vil etterforske saka og innhente opplysningar, seier Drange.

Har skjedd på Florø-sida av tunnelen

Klokka 14.30 ulukkesgruppa til Statens vegvesen kome til staden for å gjere sine undersøkingar. Tunnelen vil difor vere stengt ei god stund til, opplyser politiet.

Føraren av lastebilen skal ikkje ha blitt skada i ulukka.

Ulukka skal ha skjedd om lag 400 meter inn i tunnelen på Florø-sida.

– Tunnelen er mellombels stengt, opplyser Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen.

Anbefalt omkøyring for personbilar er over Ramsdalsheia på gamle riksveg 5. Større køyretøy bør vente til Naustdaltunnelen opnar att.

Lange køar

MÅ KØYRE RUNDT: Mindre køyretøy kan køyre via Ramsdalsheia.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

TIPS OSS