I år skal 453 skular frå heile landet kjempe om tittelen «Norges smartaste tiandeklassingar» i Klassequizen på NRK.
31 lag er i år påmelde frå Sogn og Fjordane. I to månader framover skal dei i tur og orden vise kor skarpskodde dei er.
Først ute var Vassenden skule i Jølster måndag, dei sanka åtte av 12 oppnåelege poeng. Gloppen ungdomsskule var på lufta i morgonsendinga tysdag og greidde ni poeng.
Når alle dei 31 skulane har vore gjennom dei innleiande rundane skal det summerast opp. Dei beste laga skal møtast til fylkesfinale i mars.
Til slutt skal den beste skulen frå kvart fylke møtast til nasjonal finale på NRK1.