Hopp til innhold

Justissektor under press

Sogn tingrett går ei usikker framtid i møte når domstolsadministrasjonen no ynskjer å sentralisera tingrettane. I dag er det 67 tingrettar i landet, halvparten er nok meiner domstolsadministrasjonen.

Sogn tingrett
Foto: Arve Uglum / NRK

Avdelingsdirektør i Domstolsadministrasjonen Erling Moe meiner ein må slå saman tingrettane for å eit breiare fagleg miljø.

– Små tingrettar gjer ein god jobb, og har mange kvalitetar. Det handlar berre om at vi i dag har eit meir komplisert samfunn, med større saker og større krav til fagkunnskap. Difor må vi slå saman tingrettar for å få større og breiare faglege miljø.

Vil halvere talet tingrettar

Domstoladministrasjonen meiner at det bør vere minst åtte til ti dømmande årsverk per tingrett, noko som tyder at ein må leggje ned eller slå saman ulike domstolar. 48 tingrettar i landet er i denne situasjonen.

Sorenskrivar Harald Hjermann er leiar for ein av dei minste domstolane i landet. Med berre to dommarar står Sogn Tingrett i fare for å bli lagt ned. Det er sorenskrivar Harald Hjermann sterkt imot.

Harald Hjermann

UNDER PRESS: Sorenskrivar Harald Hjermann

Foto: Arve Uglum / NRK

– Når det gjeld ein domstol som Sogn Tingrett så ser eg fleire ulemper enn fordeler med ei nedlegging. Det vil blir dyrare og meir tungvint på grunn av reiseavstandane for dei som har ærend i domstolen.

Justissektor under press

Dermed er heile justissektoren i Sogn og Fjordane under sterkt press. Frå før ønskjer politidirektoratet å legge politidistriktet under Hordaland og legge ned ei rekkje lensmannskontor. alarmsentralen går truleg same veg.

Hjermann ser ikkje poenget med å sentralisere.

– Eg meiner det ikkje er belegg for å seie at små domstolar fungerer dårlegare enn store domstolar. No er det ikkje meir enn seks-sju år sidan førre runde med endringar i domstolsstrukturen. Då gjekk ein frå fire til to domstolar her i fylket. Eg tykkjer det er påfallande at ein etter ås kort tid tek opp igjen dette.

– Eigedommane er der folk er

Det kan også g¨mot førre jordskifterettane Sogn og Fjordane. Eivind Helleland i Fjordane Jordskifterett sterkt imot meiner det ikkje noko sakleg grunn til å ta opp ein slik diskusjon no.

– Saksmengde til vårt kontor er om lag lik frå år til år. Eigedommane kan du ikkje konsentrere. Dei er der folk er, og ynskjer vi og å vere med ein nærleik som gjer at folk får hel når dei har bruk for det.

Må slutte som meddommar

Lise Sundberg frå Sogndal har vore meddommar i eitt år. Som sjølvstendig næringsdrivande vil eit flytte til Fjordane Tingrett gjere at ho må slutte som meddommar, då det vil ta for mykje tid og vere økonomisk vanskeleg for ho å reise så langt.

– For min del som sjølvstendig næringsdrivande så er det allereie utfordrande å skulle sette av tid. Å eventuelt skulle pendle til Førde vil føre til ei ekstrabelastning, når det gjeld å sette av tid, så eg håpar vi får behalde tingretten her i Sogndal.