Hopp til innhold

Jon-Hermann gjekk til topps etter to omskytingar på Landsskyttarstemna

Jon-Hermann Hegg frå Hegg skyttarlag i Lærdal vart boren på gullstol ut av standplassen på Landsskyttarstemna i Oppdal i føremiddag.

Jon-Hermann Hegg til topps på LS

TIL TOPPS: Jon-Hermann Hegg har fått premiane sine. Til venstre Jorunn Snekvik, til høgre Markus Heien.

Foto: Jørn Njøs

For Jon-Hermann, som er førsterårs eldre rekrutt-skyttar, heldt nervene under kontroll under finalen og to omskytingar og gjekk heilt til topps.

– Eg var veldig nervøs, eg var usikker om eg skulle greie å fylle, skikkeleg nervøs, men det var gøy.

I finalen var han ein av tre skyttarar som hadde 100 poeng med ni innertiarar og sluttresultatet 350 poeng. I første omskytinga fekk han 100 poeng med seks innertiarar. Det same hadde Jorunn Snekvik frå Surnadal, medan Markus Heien frå Sande i Vestfold rauk ut med 98 poeng.

Ein innertiar meir

I den andre omskytinga måtte Jon-Hermann tole ein niar, men det same gjorde rivalen, og dei enda begge på 99 poeng. Men Jon Herman hadde sju innertiarar, ein meir enn Jorunn Snekvik.

– Eg trudde det kanskje vart endå ei omskyting, men så slapp eg det då. Det er veldig tett, det er så små marginar at det fort kunne ha blitt nokon andre som vann.

Den eine niaren var hårfint utanfor blinken (9,9), og var det einaste av 45 skot som ikkje var i tiaren. Sjølv om dei skyt på 100 meters bane så er det temmeleg imponerande.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jon-Hermann Hegg

VELDIG NERVØS: Jon-Hermann Hegg vedgår at han var nervøs, men han heldt nervene under kontroll under omskytinga.

Foto: Jørn Njøs

Men om nokon trur at det ligg timevis med terping og treningsskyting bak toppresultatet så må dei tru omatt.

– Eg har trena berre eit par gonger i år, men eg er på mange stemne, og det er betre trening enn alt anna.

– Er du rett og slett eit naturtalent?

Mamma og pappa har drive med skyting, og difor har eg og blitt interessert i det.

Kake, brus og pizza

Sidan Jon-Hermann er førsteårs i eldre rekrutt, er mange av konkurrentane eitt år eldre enn han, og det gjer prestasjonen endå større.

– Eg er veldig godt nøgd. Og då har eg eitt år til i denne klassen før eg blir junior.

Og no skal Jon-Hermann feire med kake, brus og pizza, han skal sjå på finalen til Kongelaget i kveld, og han skal få vere lenge oppe. Og så går turen vidare til besteforeldra i Trøndelag.

Jon-Hermann røpar at han har mannen på skive 1 i Kongelaget, Anders Kruhaug, som favoritt, fordi han er i slekt med han.

Georg på fjerdeplass

Georg L. Johnsen frå Askvoll og Holmedal skyttarlag vart nummer fire i eldre rekrutt. Han hadde også 350 poeng, men med åtte innertiarar mangla han ein innertiar på å bli med på omskytinga om sigeren.

Lars Ove Dulsvik frå Sogndal vart nummer 22, også han med 350 poeng, han hadde tre innertiarar.

I juniorklassen vart Helene Johansen Vikøren frå Farnes skyttarlag i Årdal nummer 12 med 348 poeng. Ho skaut 100 poeng med sju innertiarar i finalen. I same klassen vart Torleiv Straume jr. frå Hyen nummer 30 med 347 poeng. Han skaut 99 poeng i finalen.

Florø best i lagskyting

I lagskytinga klasse 3-5 vart Florø skyttarlag best av laga frå Sogn og Fjordane på 23. plass med 287 poeng. Same poengsummen hadde Leikanger på 24. plass.