Hopp til innhold

Hovland på landslaget

Fotballspelaren Even Hovland frå Vadheim er med i landslagstroppen til privatkampen mot Sverige 8. juni og EM-kvalifiseringskampen mot Aserbajdsjan fire dagar seinare.

Even Hovland

Even Hovland er teken ut i landslagstroppen til kamphane mot Sverige og Aserbajdsjan.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Sist Hovland spelte landskamp for Norge var mot Polen i januar 2014. Etter mange veldig gode kampar for den FC Nürnberg, som spelar på andre nivå i Tyskland, er han endeleg tilbake. Kor mykje den 26 år gamle sogningen får spele i dei komande landskampane er usikkert. Hovland konkurerer mot Vegard Forren, Håvard Nordtveit og Stefan Strandberg om ein av dei to som får spele midtstoppar.

Hovland byrja karrieren i Vadheim, før han gjekk vidare til Høyang. Han signerte for Sogndal sommaren 2006 og speIte 93 kampar for klubben.

Fekk Kniksenprisen

I 2009–2010 var Hovland på prøvespel i Manchester United, men fekk ikkje kontrakt. Han vart tildelt Kniksenprisen som årets forsvarsspelar i 2011. I januar 2012 skreiv han under for Molde, der han var sterkt medverkande til romsdalingane sitt seriemeisterskap.

Even Hovland

Even Hovland kan få sin femte landskamp når Norge møter Sverige den 8. juni.

Foto: Bård Siem / NRK

I juni 2014 vart han klar for FC Nürnberg, der han sist sesong var ein av laget sine viktigaste spelarar. Hovland har tidlegare spelt 6 U21-landskampar og fire kampar for det norske A-landslaget.

Ikkje plass til Flo

Stryningen Per Egil Flo spelte landskamp for Norge så seint som i november i for, men denne gongen vart han ikkje ein gong teken ut i troppen.

Det har så langt ikkje vore mogleg å få noko kommentar frå Hovland.