Med seks veker att til motbakkeløpet Skåla Opp, ligg store delar av den 8 200 meter lange traseen under metervis med snø.
- Les også: Festivalsommaren er i gang – dette skjer
– Eg har høyrt folk som seier at dei ikkje har sett så store snømengd i fjellet på 50 år, seier Erik Brendefur, leiar i Loen Active, til fjordingen.no.
Kan bli snø mot mål
At det er mykje snø kan Nils Jørgen Omberg skrive under på. I dag tidleg la han ut mot det velkjende Skålatårnet, 1 848 meter over havet. Frå 900 meter måtte han ty til truger.
– Då går du inn i eit snøparti, og det er snø heilt opp. Det ligg opp i fire-fem meter på det djupaste, seier han til NRK.
– Med så mykje snø i traseen, kan det få følgje for arrangementet 14. august?
– Nei, det fryktar vi ikkje i det heile. Det er seks veker att til løpet, det er veldig varmt og no er det allereie ein god del snøsmelting. Men det kan kanskje bli litt snø å springe på mot toppen.
Mykje ekstraarbeid
NRK har også tidlegare omtala dei store snømengdene som gir arrangørar av motbakkeløp og fjelløp store utfordringar. Mellom anna er Storehesten Opp utsett frå 26. juni til 22. august.
Også arrangørane av Hornindal Rundt har sett seg nøydde til å utføre tiltak før løpet laurdag. Mellom anna er det enkelte stadar sett opp fleire titals meter med tau som sikring.
– Tidlegare måte å merke på, med kvite prikkar, har måtte vike for stikker som ein plantar i snøen. Dette lagar sjølvsagt meirarbeid for alle frivillige som brukar timevis på å lage klart til Hornindal Rundt, seier Svein Otto Espe.