Hopp til innhold

«Kven meiner det er ansvarleg å sende skuleungar på ein slik veg?»

– Det ligg steinar langs vegen heile tida. Ingen kan seie at dette kom overraskande, torar Gunhild Berge Stang.

Steinras ved Eidsfjorden og Gunhild Berge Stang

KRITISK: Gunhild Berge Stang meiner lokal- og fylkespolitikarar må opne opp augo for rasfaren på fylkesveg 609. Både når det gjeld Heilevang og på strekkja Eidsfjorden–Ringstad.

Foto: FOTOMONTASJE: Privat

Søndag morgon kom det ned fleire store steinar ved Stigabergtunnelen på fylkesveg 609 mellom Stongfjorden og Askvoll.

Det skjedde eitt døgn før fleire skuleborn følgjer bussen forbi til første skuledag.

– Vi opplever stadig vekk mindre steinsprang og i dag låg det 10–12 steinblokker i vegen. Den største på kring ein kubikk. Det seier seg sjølv kor det hadde gått om skulebussen vart treft, seier Gunhild Berge Stang, som også er fylkesleiar i Venstre.

Flytta til Dale

Innbyggjarane i Stongfjorden har kjempa ein årelang kamp både for rassikring av fylkesvegen og for skulen sin. I fjor sommar var slaget om skulen tapt, og skuleborna må i dag anten til Holmedal eller Askvoll.

Då skulen vart lagt ned, flytta Berge Stang og familien frå Stongfjorden til Dale.

– Ras vart nytta som argument mot skulenedlegginga, men enkelte politikarar møtte oss med at vi overdreiv rasfaren. Vi vart spurt «kvifor ikkje sende ungane til Gjelsvik», men rasfaren er like stor den vegen, seier ho.

Vender ryggen til alvoret

– Ungane i Stongfjorden er omringa av livsfarleg skuleveg både nordover og sørover, legg Berge Stang til.

På Facebook-sida si tek ho eit oppgjer med både lokale og regionale politikarar som ho meiner har valt å snu ryggen til alvoret. Medan strekkja ved Eidfjorden trugar i retning Askvoll, er både Heilevang og eit punkt ved Håkleivstunnelen kjende rasstader i retning Førde.

I samband med skulekampen laga vegstellet ein rapport der rasfaren vart påpeika.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinras i Stongfjorden

STEINRAS: Søndag morgon kom det mykje stor stein ned i vegbana mellom Ringstad og Eidsfjorden i Askvoll.

Foto: Privatfoto

– Dette gjer situasjonen også ekstra alvorleg for Førdependlarar som får beskjed om å slå seg til ro med å køyre den lange omvegen om Dalsfjordbrua når Heilevang er stengd, skriv ho.

– No brakar det laust

Statens vegvesen har tidlegare slått fast at Heilevang, som ligg lenger inne langs Førdefjorden, er den mest rasutsette strekkja i fylket. Vegstrekka vert likevel ikkje prioritert når fylket prioriterer vegmidlane.

Forkjemparane for rassikring ved Heilevang blir møtt med at Dalsfjordbrua kan nyttast til omkøyring. For dei som skal til Førde gir det kring ein time lenger køyring.

Berge Stang meiner raset søndag morgon stadfestar at heller ikkje den vegen er trygg. Og at det underbyggjer det både foreldre i Stongfjorden og Statens vegvesen har kome fram til.

– Det er ei lengre, problematisk strekke med stadige mindre steinsprang. Alle veit situasjonen i fjellet, og at det er eit tidsspørsmål før det brakar laust. No har det braka laust. Ingen skal påstå at dette kjem overraskande, seier ho.

– Sjeldan det går ras

Raspunkta kan takast ut med tunnel, men det vil vere kostbart.

– Eg skulle ynskje at eit breiare politisk miljø tek ansvaret. Kva signal sender det at lokalpolitikarar tykkjer det er greitt å sende skuleungar på denne vegen, undrar Berge Stang og presiserer at Venstre har stått på for rassikringa.

Frida Melvær

ORDFØRAR: Frida Melvær (H) seier ho er kjend med raspunkta ved Eidsfjorden, men at det er sjeldan det går ras der.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Ordførar Frida Melvær (H) seier dei er kjende med raspunkt i Eidsfjorden, men legg til at det er sjeldan det går ras der.

Held seg til fagmiljø

– Når faginstansar vurderer det som trygt å opne att, så forhold vi oss til det. Eg har snakka med Vegvesenet som vurderer at det ikkje er fare for nye ras. Då forhold vi oss til det, seier ho og legg til at det også er lenge sidan det har gått ras ved Håkleivstunnelen.

Melvær fortel at både samferdsleutvalet og fylkestinget røysta mot å løyve 40 millionar kroner til sikringstiltak ved Eidsfjorden då dei handsama sin regionale transportplan.

– Det meiner eg var uheldig, seier Melvær.