Hopp til innhold

Her er svela viktig for ungdomane

Køyrer du langs Panoramavegen i Stryn, ser du ein kafé litt utanom det vanlege. Som på ferjene, er svela eit viktig element.

Gina Tytingvåg, dagleg leiar Sjøkanten

LEIAR: Gina Tytingvåg (18) er dagleg leiar i 4H-kafeen Sjøkanten i Stryn.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Sidan 2001 har Fjellrosa 4H drive Sjøkanten kafé i Hopland. Her får bygda sine ungdomar tilbod om ein sommarjobb som ikkje inneber hesjing.

Fjellrosa 4H har 18 medlemer i alderen 10–18 år. I tillegg stiller både foreldre og besteforeldre på som gode hjelparar for 4H-verksemda.

– Kafeen er for bygda sin del, slik at vi har ein samlingsstad å møte vener og naboar, men også fordi at ungdomane skal ha tilbod til sommarjobb, seier Gina Tytingvåg (18).

Viktige sveler

Ho er dagleg leiar i kafeen. På menyen står det lefse med gombe, svele med pudding og lappar. I tillegg lager dei pizza, rundstykke, lasagne og kompar.

Rasmus, sjøkanten kafe

SAL: Rasmus (13) jobbar for 4. året for Sjøkanten kafé. Han sel gladeleg svele med semulegrynspuddingen til besøkande.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Kaffi og kaker blir det også.

– Svelene er ein veldig viktig del av kafedrifta, så dei må vere på plass. Men så er det også greitt med ein dag der vi serverer skikkeleg mat. Torsdag er det rømmegraut, og det blir saker, smiler Tytingvåg.

Utfordrande varme

I hovudsak er det bygdefolket flest som utgjer kundemassen, men også forbireisande likar å stogge på for å kjøpe niste eller forfriskingar.

Sommarvarmen har ført til at turistane har vitja kafeen, men den har også vore ei utfordring for 4H-arane.

– I alle fall på kjøkkenet der du har oppvaskmaskina som dampar og maten som skal steikast, kokast og pakkast. Det blir veldig varmt, seier Tytingvåg.

Handverksutsal

I handverksutsalet finn ein også produkt i rein 4H-ande. Gjennom lovnaden lovar nemleg medlemane å bli ungdom med klokt hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse.

Frå kring 20 ulike lokalprodusentar får ein kjøpt alt frå treprodukt og måleri til handlaga barneklede og urte.

– Vi har mykje lokalprodusert materiale. Litt for ein kvar smak. Strikketøy, vottar, urter frå Devik på Sandane og måleri, seier Tytingvåg.

– Korleis går det økonomisk?

– Det går fint. Før var vi nede med sjøkanten, men no har vi flytta nokre høgdemeter opp i bygda. Etter at vi flytta opp har det eigentleg gått overraskande bra, men kor godt veit vi ikkje før vi er ferdige.