Hopp til innhold

Straumbrot stengde Lærdalstunnelen

Lærdalstunnelen på E16 var stengd i halvannan time onsdag ettermiddag då straumen forsvann.

Straumbrot gjer at det er bekande mørkt i Lærdal

UTAN STRAUM: Eit straumbrot gjorde at det var stummande mørkt i store deler av Lærdal onsdag ettermiddag.

Foto: Bente Øien Hauge

Dermed vart verdas lengste vegtunnelen lagt i stummande mørke, og det var heller ikkje mogleg å køyre viftene i taket.

Ifølgje operasjonssentralen til politiet var tunnelen heile tida open for utrykkingskøyretøy.

Hos Vegtrafikksentralen i Lærdal var straumen vekke, men hos kollegaene i Bergen kunne dei opplyse at det vart jobba med å rette feilen.

Nokre minutt over klokka 18 kom straumen tilbake.

– No er tunnelen open att, kan Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal fortelje klokka 18.10. Då hadde han nyleg fått straumen tilbake.

Tunnelen vart stengd like etter klokka 16.30.

Straumbrotet råka heile Lærdal kommune, og innbyggjarar frå Ljøsne til Vindedalen var utan straum. Ifølgje Per Gullaksen ved Lærdal Energi er årsaka til straumbrotet eit tre som har lagt seg over høgspentlinja.