– Bildet viser bakparten på eit dyr som kan likne på ein ulv. Ut frå funna som er gjort i området tidlegare kan det tilseie at det er ein ulv, seier Golf i Statens Naturoppsyn.
Naustdal sau og geit har fått eit fellingsløyve for ulv i dag frå Fylkesmannen.
Det betyr ikkje at det fritt fram for kven som helst til å ta seg til rette i jakta.
– Det er ikkje cowboyjakt. Vi har tatt kontakt med profesjonelt jaktlag, seier Vidar Heggheim, som er leiar i Naustdal sau - og geit.
Han presiserer at det skal vere trygt for folk å ferdast i skogen.
Treng biologiske spor
Statens naturoppsyn har fått biletet tilsendt i dag. No vil dei ha ytterlegare spor som kan dokumentere at dyret faktisk er ein ulv.
– Vi treng biologiske spor, seier Rein Arne Golf.
Det har tidlegare i sommar vore gjort fleire funn av sauekadaver i Naustdal som kan tyde på at ein ulv eller ein hund har gått til åtak på dyra.
- LES OGSÅ:
Grunneigar Vidar Heggheim seier det er ei tøff tid for alle som no opplever å miste sauer.
– For mange er det veldig tøft. Dette vi opplever av funn i saueflokken er heilt unormalt, seier han.
Til no har ikkje SNO funne gode nok spor som kan fastslå hundre prosent at det er ein ulv som herjar i Naustdal.
Treng hjelp frå folk som finn kadaver
– Vi skulle gjerne hatt betre dokumentasjon på funn som vert gjort som folk meiner tyder på at det er ulv. Til dømes DNA-spor, seier Golf.
Han rår folk til å tipse om biologiske funn dei gjer og sende dei inn til Statens Naturoppsyn.
Det skal vere sett opp fleire kamera på plassar i skogen der det er naturleg at ein ulv vil ferdast.