Hopp til innhold

Har avhøyrd 20 personar i overgrepssaka

Fem personar jobbar no fulltid med å etterforske overgrepssaka frå Eid. Det seier lensmann i Eid, Webjørn Moa.

Valdtekt på Nordfjordeid

RESSURSKREVJANDE: Etterforskinga av overgrepssaka på Nordfjordeid kan bli fullført innan to eller tre veker. Lensmann Webjørn Moa seier det er eit ressurskrevjande arbeid og at denne tidsramma fort kan sprekke.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I midten av juli melde ei ung jente til politiet at ho var utsett for valdtekt. Kort tid etter arresterte politiet tre gutar i tenåra som vart sikta for seksuell omgang med mindreårig.

Politiet går framleis gjennom overvakingsvideoar frå Nordfjordeid sentrum frå det aktuelle tidsrommet. Fem personar jobbar fulltid med etterforskinga.

Har fleire vitne å avhøyre

Vebjørn Moa

ETTERFORSKAR: Webjørn Moa vil ikkje kommentere vitneforklaringane på noverande tidspunkt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er klart at det er ei sak som krev ein del ressursar. Vi har sjølvsagt sett alvorleg på saka og difor gjer vi det vi kan for å finne ut kva som verkeleg skjedde denne helga. Vi har folk frå Eid lensmannskontor i tillegg til folk frå Stryn lensmannskontor som hjelper til oss, seier lensmann Webjørn Moa.

Så langt er 20 vitne avhøyrde, men Moa seier dei har ein god del igjen.

Kva vitna har forklart for politiet ønskjer han ikkje å kommentere.

– Det får vi sjå etter kvart som etterforskinga går framover, og kva vi til slutt kjem fram til.

Kan vere ferdig etterforska om to-tre veker

Han vil heller ikkje seie noko meir om kva dei sikta har sagt.

– Den seksuelle omgangen er stadfesta, men vi må jo sjå og samanlikne forklaringane som både vitne, sikta og jenta forklarar, og så prøve å kome fram til kva som verkeleg skjedde, seier Moa.

Han håpar at politiet skal vere ferdig med etterforskinga innan to eller tre veker.

– Men eg vil streke under at det er tidkrevjande å gå gjennom både videoopptak og det vi har innhenta frå Nordfjordeid sentrum, så tidsramma kan fort sprekke, også viss det kjem inn nye opplysningar.