Hopp til innhold

Etterforskar valdtekt av mindreårig jente

Politiet etterforskar ei valdtekt av ei mindreårig jente som skal ha funne stad i sentrum av Nordfjordeid natt til søndag.

Valdtekt etterforsking

ETTERFORSKAR: Politiet har sperra av eit større område på Nordfjordeid.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Politiet la søndag kveld ut melding om at dei etterforskar ei straffbar handling som skal ha skjedd i løpet av det siste døgnet i samband med Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Då ville dei ikkje kommentere kva slags handling det var snakk om.

Seinare søndag kveld vart det sendt ut ei pressemelding. Der går det fram at ei valdtekt har blitt politimeld. Fornærma er ei mindreårig jente. Jenta var på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid i Eid kommune då valdtekta skal ha skjedd. Ho har blitt teken hand om av politiet.

Sikrar tekniske bevis og gjer avhøyr

Magnus Engh Juel - politijurist sogn og fjordane

TALSMANN: Politijurist i Sogn og Fjordane politidistrikt, Magnus Engh Juel.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Eg kan stadfeste at politiet har fått inn ei politimelding som går på valdtekt og at fornærma er ei ung jente, seier politijurist Magnus Engh Juel til NRK like før klokka 21.00.

Kva gjer politiet no?

– Vi jobbar med å sikre tekniske bevis og avhøyre både fornærma og vitne.

Tidlegare søndag kveld ønskte ikkje Juel å svare på om jenta var mindreårig, men i eit intervju med NRK seinare stadfestar han dette. Han seier at politiet ikkje har arrestert nokon endå, men vil ikkje svare på om ei pågriping er nærliggande.

(Saka held fram under biletet)

Etterforsking valdtekt

LEITAR: Politiet har leita etter noko på eit avsperra område.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Sperra av fleire område

Eit område rundt eit telt like ved E39 ved Statoil var i ettermiddag avsperra og politiet har jobba på staden. Då NRK sin fotograf kom til staden søndag kveld var sperringane og politiet vekke.

Seinare vart det sett opp sperringar ein annan stad i sentrum, bak eit smug ved nokre bygningar. Ifølgje NRK sin fotograf på staden såg det ut som at to politifolk leitte etter noko.

– Slikt skal ikkje skje uansett

Festivalsjef for Malakoff, Arnt-Ivar Naustdal, seier festivalleiinga har fokus på å kunne hjelpe politiet ved behov.

– Om noko slikt har skjedd er det sjølvsagt trist. Slikt skal ikkje skje, anten det er i samband med festival eller ikkje. Vi har fått beskjed om å vise til politiet, og vårt fokus no er å kunne hjelpe dei dersom det er behov for det. Vi har eit tett samarbeid med politiet i samband med festivalen, og er villige til å ha det også i denne saka om dei treng det, seier Naustdal til NRK.

Straffbar handling i Nordfjordeid

AVSPERRA: Området rundt dette teltet var tidlegare i dag avsperra og politiet har jobba på staden.

Foto: Øystein Torheim / NRK