Hopp til innhold

Her flyttar eitt tonn usikra last på seg når traktoren bremsar

Her står ein eitt tonn tung tank, usikra, på traktorplanet. Kjell Laugen fotograferte at tanken flytta på seg, då traktoren bremsa.

Usikra last på traktorplan

FLYTTA PÅ SEG: Biletet til venstre er teke før traktoren tok til å bremse. Til høgre ser ein tydeleg at tanken har vridd seg og flytta seg på planet.

Foto: Kjell Laugen

– Eg trudde nesten ikkje det eg såg, fortel Kjell Laugen.

Sjåføren som til vanleg køyrer vogntog, er også engasjert i lastesikringskurs hjå Hatlestad trafikkskule, og han vart forferda over kva han såg framfor seg i vegbana.

– Ein slik tank tek tusen liter, så dermed, når det er væske i han, veg han om lag eitt tonn. Rundt desse tankane er det ei stålramme, og når den står på stål, så er det som is mot is. Det er null friksjon, dermed seglar den rundt når kreftene tilseier det, seier Laugen.

Måtte hatt meir enn englevakt

Han var vitne til at tanken rørte godt på seg då traktoren bremsa opp for å køyre av vegen.

At traktorføraren truleg har tenkt at sikring ikkje var så nøye, sidan han berre skulle køyre ei kort strekning, tykkjer Laugen vitnar om slett konsekvensanalyse.

– Hadde han fått ein bråbrems, hadde dunken gått rett i karmen på hengaren. Kva så så hadde skjedd, er umogleg å seie. Men får du, som personbil, ein slik dunk midt i fleisen, så skal du ha meir enn englevakt for å komme frå det, trur Laugen.

Hadde fått køyreforbod på flekken

Seksjonsleiar for trafikant og køyretøy i Statens vegvesen, Thormod Gausdal, er hovudristande over kva han ser på bileta.

– Dette er heilt vilt. Hadde vi treft på denne under ein kontroll, så hadde køyretøyet fått køyreforbod til lasta var forsvarleg sikra. Det ville garantert ha følgt med ei politimelding på lasset, seier Gausdal.

Han legg til at det ikkje er tvil om at politiet hadde fått melding om hendinga.

– Føraren har køyrt med usikra last på lasteplanet, og vår praksis er at vi politimelder dette. Så er det opp til politiet å bestemme kor stor bota vert, alt etter kor alvorleg dei meiner det er, seier Gausdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dårleg sikra stålplater.

SEKS STROPPAR: For halvanna år sidan vart eit norsk vogntog stoppa i kontroll. Det synte seg at 23 tonn stålplater var sikra av berre seks stroppar, noko som er altfor lite.

Foto: Statens vegvesen

Stod midt på planet

Tanken på biletet rommar tusen liter. Ved ein bråstogg i til dømes 50 kilometer i timen, kjem det enorme krefter i sving når tanken tek til å røre på seg.

– Er det vatn i tanken, er det eitt tonn som står på planet, og vel så det. Denne står midt på planet, noko som betyr at dersom traktoren bremsar, så kjem tanken i god fart framover, og får tid til å akselerere hastigheita si, før han treffer frontveggen, seier Gausdal.

Han legg til at sjølv om det er faste karmar på hengaren, er det ikkje ein garanti for at ikkje tanken fyk ned i vegbana.

– Det er umogleg å seie. Men vi snakkar om mykje meir enn eitt tonn i krefter, når det først har fått lov til å røre på seg. Og difor er kravet i forskrifta at last skal sikrast slik at ho ikkje kan røre på seg, seier Gausdal.

Stål mot stål gir lite friksjon

Kravet er at lasta skal sikrast med heile lasta si vekt framover, og halve lasta si vekt til sida og bakover.

– Ein IBC-tank på eit stålplan, som det ein ser på biletet, har ikkje mykje friksjon under seg heller, for å halde det tilbake. Hadde føraren sett tanken heilt framme i hengaren, så hadde han iallfall teke vekk mykje av kreftene, seier Gausdal.

Vidare skulle tanken ha vore surra ned mot planet med stroppar, for å auke friksjonen ned mot lasteplanet, slik at han vert halden att.

Han er sjef for kontrollverksemda som Vegvesenet utfører ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal, og her ser ein mykje rart.

– Vi har sett mykje slike tilfelle, og vi har politimeldt mange for dette. Men vi ser også at det er ei betring å spore når det gjeld sikring av last, seier Gausdal.

Må ha sikkerheitskurs

Han er usikker på om dette skuldast at folk tek dette meir på alvor, eller om det er eit resultat av at Vegvesenet og politiet har slege grundig ned på slikt.

– Vi har også prøvd å informere sjåførane om kor viktig det er å sikre lasta forsvarleg, seier Gausdal.

Det har også vore ei endring i krava til kurs ein må ha gjennomført før ein får sertifikatet for traktor.

– Det er krav til at ein går gjennom eit sikkerheitskurs på traktor og på tilhengar, dersom ein skal ha det på personbil, slik at ein lærer seg både sikring og krava til dette, seier Gausdal.

Ser slikt med jamne mellomrom

Politiet likar dårleg slike bilete som dei over.

– Denne lasta er ikkje sikra etter forskriftene. Hadde politiet stoppa dette køyretøyet, så hadde det vorte påtalt. Forholdet hadde nok vorte politimeldt, seier Rimmen.

Han legg til at ein slik misferd mest sannsynleg ville ført til ei bot for føraren. Også politiet stadfestar at dette ikkje er eit så sjeldan syn som dei gjerne hadde ønskt.

– Dette ser vi med jamne mellomrom. Dei som køyrer tenkjer ofte ikkje på kor enorme konsekvensane vert dersom denne lasta kjem i fart og ramlar ned, anten på ein fotgjengar eller andre bilistar, seier Rimmen.

Oppfordringa hans er klar.

– Sikr lasta du skal ha med deg, uansett lengde på turen, seier Rimmen.

At ein "berre skal" ein liten tur, er ikkje unnskyldning god nok.

– Ein ser dessverre ganske ofte, at det er nettopp den turen der ein berre skal bort i vegen som får konsekvensar, nettopp fordi det skjer ei uberekneleg hending, seier Rimmen.