Hopp til innhold

Gjekk berserk i å samle på julekrybber

Om det er mogleg å lage julekrybbe og juledekorasjonar av alt frå blikkskrammel til pasta? Klart det...

Julekrybbe laga av blikkskrammel

Julekrybbe laga av blikkskrammel, colaboksar og sardinboksar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Merete Larsmon har alltid hatt lyst til å vise fram kva ho kan når det gjeld pyntegrønt og juledekorasjonar. Ho har alltid hatt ein ide om kva ein kan pynte med og korleis. Så fann ho seg ein samarbeidspartnar i Inger-Johanne Tjøde-Enger. Ho bur og i Bygstad.

I tillegg til å vise fram ulike dekorasjonar, har dei gått saman og samla mange ulike julekrybber.

Det vi vil gjere det er å gje folk litt julestemning.

Difor arrangerer ho utstilling av juledekorering og julekrybber på Rytne gard i Bygstad.

Inger-Johanne er ortodoks, og dei brukar ikkje julekrybbe. Men ho er oppteken av det kristne bodskapen. Krybbene har stort sett stått i kassar og støva ned.

Det byrja med at ho hadde butikk i Bergen, og ville ha julekrybbe i butikkvindauget sitt ved juletider. Det starta med den spanske julekrybba måla i gull.

–Så vart det til at eg gjekk litt berserk då, seier ho humrande.

Inger-Johanne

Inger-Johanne Tjøde-Enger gjekk berserk og skaffa seg mange julekrybber

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ho kjøpte julekrybber både her og der og frå ulike land. Dei pakka mellom anna opp den engelske julekrybba som er laga av blikkskrammel, slik som cola-boksar og sardinboksar. Ho kjøpte og ei i Frankrike der kamelen kosta nesten 1000 kr. Den har ho lyst til å lodde ut og gje pengane til eit veldedig formål.

julekrybbe av makaroni
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Julekrybbe laga av pasta

Merete supplerer med ei julekrybbe frå Ungarn som er skore ut i ungarsk lauvtre.
I tillegg kan ein få sjå ei krybbe laga i pasta. Den er frå Portugal og den har Merete fått av ei veninne. Dei lurer på korleis dei skal oppbevare den, då Merete kjem på at dei kan ha den i ein stor glassylinder. Den må nemleg stå tørt. Taket av lasagneplater har allereie byrja å bulke seg litt.

Inger-Johanne har med seg ei stor kiste der det ligg ei spansk julekrybbe oppi. Den har ho betalt ganske mykje for, men vil ikkje røpe kva den kosta. Ho kjøpte den i Spania for 20 år sidan.

– Eg har samla på dette her i mange år eg. Ein får jo ikkje brukt det til noko fornuftig.

Det seier Inger-Johanne Tjøde-Enger, og tilføyer at ho tykkjer det er kjekt at Merete vil ha det i løa på Rytne gard.

–Så spennande! Så fine! Utbrytar Merete når dei pakkar opp den nedstøva julekrybba.

Inger-Johanne Tjøde-Enger innrømmer at ho har kjøpte ei julekrybbe frå alle plassane ho har budd. Så Førde er og representert.

Utstilling med "noko attåt"

Det er noko med å gje innhald til folk. Ting flyt og det er så kommersialisert alt. Vi må nå inn i hjartet til folk. Så eg håpar folk finn vegen og får djupna i julebodskapen, seier Inger-Johanne Tjøde-Enger litt høgtidsstemt.

Fleire av julekrybbene har ho tenkt å lodde ut til eit godt formål og dei minste skal ho gje vekk til barneborna.

– Eg har i alle fall ikkje tenkt å ta dei med i grava, seier ho med ein liten latter. For sjølv heime set ho dei ikkje opp.

Fram til jul skal folk kunne gå inn på Rytne gard, kjøpe seg gløgg og vaflar og sjå utstillinga som desse to damene har jobba lenge med. I tillegg til alle julekrybbene, har Merete Larsmon utstilling av alt det ho har drive med opp i gjennom. Julekransane er for sal, og ho har verkeleg produsert mange dei siste dagane.

Rytne gard

Det er her i den gamle Løa på Rytne gard dei skal ha utstillinga.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I Norge Rundt på sjølvaste julekvelden

Merete Larsmon og litt av familien satsar på å dyrke juletre og pyntegrønt for å leve av det. Dei vil kombinere utstillinga med juletre og pyntegrønt-sal. Nobel-gran er populært, og den er kjempefin å bruke til pyntegrønt.

–Nobelgran er Mercedesen blant pyntebareet, og den har lang haldbarheit. Det seier Merete Larsmon som jobbar til dagleg som fylkesskogmeister.

Merete Larsmon

Merete Larsmon har alltid vore oppteken av naturmateriale i juledekorasjonar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ho driv mest med kransebinding, juledekorasjonar og diverse installasjonar.

Ho gler seg til opninga av utstillinga «Utanom allfarveg» på laurdag, men har vore nervøs for om ho rekk å bli ferdig i tide.

– Heldigvis har eg fått litt hjelp av dottera mi, seier ho.

Sjå innslaget som skal gå i Norge Rundt på NRK 1.

Dei har laga utstilling i Bygstad av julekrybber og juledekorering.

Her kan du sjå utstillinga! Merete Larsmon, Inger-Johanne Tjøde-Enger og Mari Helene Kårstad.