Janne Endal Andersson og Kristin Halvorsen med den rosa dressen - DRESS: Rosa dress skal smelte hjartet på Jens Stoltenberg. Det håpar Janne Endal Andersson som viste fram dressen til Kristin Halvorsen. - Foto: NPK/Hallvard Østrem /

DRESS: Rosa dress skal smelte hjartet på Jens Stoltenberg. Det håpar Janne Endal Andersson som viste fram dressen til Kristin Halvorsen.

Foto: NPK/Hallvard Østrem

Gav rosa dress til statsministeren

Rosa sjokoladehjerter og ein rosa dress skal smelte hjertet til statsministeren. Det er vertfall håpet til lokalsjukehusforkjempar Janne Endal Andersson frå Nordfjordeid.

- Eg håpar statsministeren vil ta på seg den rosa dressen når han har behov for å tenkje kreativt og konstruktivt i vanskelege saker. Som til dømes sjukehussaka, seier Endal Andersson til NRK.

Gav ringar til Kristin og Liv Signe

Med handlaga ringar og ein rosa Moods of Norway sytte sjukehusforkjemparen for eit litt spesielt skode i vandrehallen på Stortinget i dag.

Dressen vart hengt opp så alle fekk sjå, og fleire av landets fremste politikarar fekk høyre om bodskapen frå Nordfjord.

Som fleire ander stader i landet protesterer lokalbefolkninga her mot planane om å leggje ned viktige tilbod ved lokalsjukehuset.

Også brosjyrar om Nordfjord sjukehus, laga av næringslivet i Nordfjord, vart delte ut.

- Liv Signe Navarsete og Kristin Halvorsen fekk overrekt ringar som er laga lokalt på Nordfjordeid. Dei er eit symbol på kortreiste gåver. Og det er akkurat det vil at føde og akuttilbod også skal vere, nemleg kortreiste, fortel Endal Andersson.

Også helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen har fått ring.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete får ring frå lokalsjukehusforkjempar Janne Endal Andersson - RING: Liv Signe Navarsete fekk ring frå lokalsjukehusforkjempar Janne Endal Andersson. - Foto: NPK/Hallvard Østrem /

RING: Liv Signe Navarsete fekk ring frå lokalsjukehusforkjempar Janne Endal Andersson.

Foto: NPK/Hallvard Østrem

Rosa dress til Jens

Statsminister Jens Stoltenberg sat sjølv opptatt i møter, men fekk overrekt sin ring og rosa sjokoladehjerter på pulten framfor seg.

Seinare skal han få overrekt den rosa dressen, og Endal Andersson håpar det gjer inntrykk.

- Kristin Halvorsen meinte dressen var alt for tøff for Jens, fortel Endal Andersson.

- Trur du han nokon gong kjem til å gå med den?

- Kanskje bak lukka dører, på ein eller annan. Eller kanskje på eit inspirasjonsmøte? Det treng dei i Arbeidarpartiet no, seier lokalsjukehusforkjemparen.

- Vi har blitt lagt merke til

I tillegg til Navarsete og Halvorsen, fekk Endal Andersson også snakka med Erna Solberg og Trine Skei Grande om saka ho brenn for – nemleg å behalde tilboda ved lokalsjukehusa.

- Når ikkje regjeringa kan kome til Nordfjord, får vi kome til dei. I dag har vi vertfall blitt lagt merke til, seier Endal Andersson som er nøgd etter dagens stunt.

Tidlegare har Endal Andersson samla fullt hus på operahuset i Nordfjord med ein støttekonsert for lokalsjukehusa.

I tillegg vart det tent hundrevis av lys då born frå heile Nordfjord samla seg for å vise sin motstand mot regjeringa sin sjukehuspolitikk.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Dei kaller det tidenes jaktstart.
Eit jaktlag i Norfjord starta hjortejakta i går - og aldri før har dei skote så mange dyr på så kort tid.
Når fylkeskommunen må kutte 234millionar kroner står ein fjerdedel av kulturmidlane i fare.
Created by InfoDispatcher