Rørte etter sjukehuskonsert

Onsdag kveld var dei mest kjende artistane frå Sogn og Fjordane samla på ein støttekonsert for lokalsjukehusa i fylket. Det rørte politikarane.

- Tusen takk for engasjementet, sa ordførarane i Eid og Selje frå scena.

Smekkfullt i salen

Operahuset på Nordfjordeid var fylt til randen då forkjemparane for Nordfjord sjukehus i går inviterte til støttekonsert for lokalsjukehusa.

Med fylket sin største kjendis, Tone Damli Aaberge i spissen fekk mange fornya håp i kampen for sjukehusa. For politikarane meiner det er dei folkelege aksjonane som gir håp.

Video Sjå tv-reportasje frå sjukehus-konserten

SJÅ: TV-reportasje frå konserten.

Gunn Helgesen

RØRT: Selje-ordførar Gunn Helgesen er rørt over engasjementet.

Foto: Kristeleg Folkeparti

- Dette synleggjer engasjementet og kor viktig lokalsjukehusa er for folk. Dette er ikkje berre noko vi som politikarane skriv om i forskjellige brev, sa ein tydeleg begeistra Gunn Helgesen som er ordførar i Selje.

I over eitt år har politikarar og lokalbefolkning i Nordfjord og Indre Sogn hatt sjukehussaka hengande over seg.

I haust gjekk styret i Helse Vest inn for å leggje ned føde og ortopeditilbod ved sjukehusa i Lærdal og Eid. No ligg saka hos helseministeren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mariann Thommasen og Janne Endal Andersson

ENGASJERT: Mariann Thommasen, kjend frå Surferosa vil ikkje flytte heim om lokalsjukehuset på Eid mistar tilbod. Her saman med initiativtakar til konserten, Janne Endal Andersson.

Foto: Øystein Torheim

- Vil ikkje flytte heim

På støttekonserten i går viste mellom anna artistane Tone Damli Aaberge frå Sogndal, Mariann Thommasen i Stryn og Seljebandet The Pink Robots sitt engasjement.

Thomassen som var konferansier sa frå scena at ho ikkje vil flytte heim til Stryn om Nordfjord sjukehus mistar akutt- og fødetilbod.

- Det blir ikkje aktuelt, sa Thommasen til applaus frå publikum.

Engasjert Tone

Også Damli Aaberge seier saka engasjerer ho.

- Eg synst dette er ei viktig sak. Viss mitt bidrag kan gje merksemd til saka så er det kjempefint, seier Damli Aaberge.

- Vi er sikre på at vi er på folket si side i denne saka, sa Hans Christian Helgesen i The Pink Robots.

- Dette er ei utruleg viktig sak for heimdistriktet vårt, sa bandkollega Line Dybedal Vederhus. Ho frykta fråflytting om sjukehuset forsvinn.

Og etter årevis med krangel, politisk skitkasting og skuldingar om usaklege aksjonar var det mange blant publikum som sette pris på den nye aksjonsforma for lokalsjukehusa.

- Det var heilt fantastisk kjekt, seier ei dame til NRK.

- Trur du det hjelper?

- Klart det hjelper. Vi må vise oss fram på ein positiv måte. I staden for å vere grinete aksjonistar må vi vere blide og optimistiske.