Hopp til innhold

Bønder fryktar rovdyr som kjem over fylkesgrensene

Den siste veka har det vore mykje fleire rovdyrskadar i nabofylka enn tidlegare år. No er bøndene i Sogn og Fjordane bekymra for om ulven kjem over fylkesgrensene.

Ulv

FRYKTA ULVEN: Bøndene i Sogn og Fjordane er bekymra for ynglande rovdyr på fylkesgrensene.

Foto: Per Løchen / Scanpix

– Det skal ikkje vere ynglande rovdyr på grensene vore, seier ein bestemt leiar for Sogn og Fjordane Sau og Geit, Ragnhild Sæle.

Den siste tida har det vore ein kraftig vekst i rovdyrskadar samanlikna med tidlegare år, ifølgje tal frå Statens naturoppsyn. I Oppland og Hedemark er bøndene fortvila over drepen sau.

Så langt i år er 1311 beitedyr tekne av rovdyr. Dette nærmar seg rekordnivået frå 2009, der 1359 beitedyr vart drepne.

Bekymra

Fleire store rovdyr har forsynt seg av beitedyra i prioriterte beiteområde.

No er bøndene i Sogn og Fjordane bekymra for om ulven kjem over fylkesgrensene. Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, meiner Naturverndepartementet tek ut alt for få rovdy, og at dei bryt regelverket.

– Det er jo ein stor fare for at ulven flyttar på seg, seier Hilleren bekymra.

(Artikkelen held fram under biletet)


– Bryt reglane

Rovdyrsak

SKAL IKKJE VERE SLIK: Ragnhild Sæle i Sau og Geit, seier det ikkje skal vere rovdyr på fylkesgrensene.

Foto: Torbjørn Selseng/NRK

Eit vedtak i stortinget frå 2011 seier at det ikkje skal vere rovdyr i prioriterte beiteområde. Både i Sogn og Fjordane, Oppland og Hedemark finn ein framleis slike område.

No meiner leiaren for Sogn og Fjordane Sau og Geit at miljøvernministeren burde kome å sjå kva som skjer, og gjere noko med saken.

– Det er så trist at dette skjer, desse dyra har jo bøndene stelt med og gjort alt for, seier Sæle oppgitt.

Miljørvenminister Bård Vegard Solhjell meiner at dei ofte nok gir fellingsløyve, men at problemet ligg ein annan stad.

– Vi er opptekne av at når vi gir fellingsløyve må faktisk ulven bli tatt ut. Det er stor grunn til bekymring at så lav andel av rovdyr blir tatt ut, seier Solhjell.