Hopp til innhold

Regjeringa seier ja til felling av ulv

Regjeringa følgjer Stortinget si tilråding og foreslår å gjere det lovleg å skyte vilt som går til åtak på hund.

Ulv i Østmarka

Regjeringa vil at ulvar som går til åtak på hundar skal kunne skytast.

Foto: Privat

Lovforslaget vil seie at høvet vi har i dag til å felle vilt som direkte går til åtak på bufe, tamfe, gris og fjørfe, også skal gjelde for åtak på hundar.

Endringane i naturmangfaldlova er ei direkte følgje av rovdyrsforliket i fjor, då Stortinget bad om nettopp dette.

LES: Frykter mer ulovlig jakt

LES: Fleire ulveobservasjonar i Sogn

Lovendringa vil truleg først og fremst omfatte jakthundar. Dersom Stortinget rekk å behandle forslaget i løpet av våren, vil endringane kunne skje før jaktsesongen i haust.

Ulv drap elghund

Ulv i Østmarka og død hund

Ulven som drap ein hund i Oslo, her observert at eit kamera i Østmarka.

Foto: NRK/Privat

I byrjinga av mars i år blei ein elghund drepen av ulv på Lindeberg i Oslo.

Hundeeigaren slapp hunden laus under ein kveldstur, som forsvann og ikkje kom tilbake. Første neste morgon fann han tispa ein kilometer frå ein parkeringspass i eit bustadområde.

LES: Ulv drap hund på Lindeberg

LES: – Ulven etablerer seg i Østmarka

Statens Naturoppsyn blei varsla, og konstaterte at hunden var drepen av ulv.

Den same ulven er i ettertid blitt observert i Østmarka der den markerer revir. Der skal den ha streifa rundt i heile seks veker før eit rovviltkamera i Høland fanga opp hannulven.

Rovviltkontakt Torbjørn Tveter i Statens Naturoppsyn er sikker på at dette er same ulven.

– Ja det er nok denne som gjekk til åtak på ein elghund i Oslo. Eg kjenner att spora frå Lindeberg, så eg er nesten sikker på at det er same dyret.

Såg sin eigen hund bli biten

Også i Birkenes i Aust-Agder skal ein familie ha vore vitne til at familiehunden blei angripen av ulv.

LES: Så ulven gå løs på familiehunden

– Ulven sto over hunden og hadde et godt tak, når vi nærma oss den gikk den forsiktig inn i skogen, seier Rune Dalene til NRK.no. Hunden fekk fleire bittskader og blei frakta til dyrlege. Den overlevde.

AKTUELT NÅ