– Det er fare for at det kan gå fleire ras på same staden. Eg ser på ferske bilete som er teke frå helikopteret at det er ei ti meter stor isblokk med sprekkar på begge sider. Eg vurderer den som farleg, seier han.
Ektepar omkom
Søndag ettermiddag omkom eit tysk ektepar i 30-åra då breen kalva over dei. To born på åtte og ti år var vitne til det som skjedde. Den tyske familien hadde vore på ein guida tur då dei la ut på eigen hand og braut sperringa nær breen.
Politi, ambulanse, redningshelikopter, ambulansehelikopter, redningsmannskap og redningsdykkarar rykte raskt ut til staden. Dei to borna kom fysisk uskadde frå ulukka og blir no tekne hand om av kriseteamet i Luster kommune.
Meiner isblokka bør sprengjast
No fryktar altså Nesje at meir is kan falle ned frå breen. Han oppmodar folk om ikkje å bevege seg nær breporten eller breelva før den store blokka har falle ned.
Han presiserer at han berre har sett på bileta som er tekne frå helikopter.
– Den blokka er farleg, og det bør haldast vakt eller så bør den sprengjast.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Har hatt geolog på staden
Søndag kveld seier operasjonsleiar Synnøve Domben i politiet til NRK at dei har hatt geolog på staden.
– Det er fare for at det kan komme meir is ned, men det skal vere trygt så lenge folk held seg bak sperringane, seier ho.
Også breforskar Atle Nesje oppmodar alle som ferdast ute i naturen om å respektere sperringar som er sette opp.
– Det er svært viktig at folk respekterer dette, seier han.
- LES OGSÅ: