Hopp til innhold

Fryktar venninna døyr utan livsnødvendig behandling i heimlandet

Venninnene til den HIV-smitta kvinna som blir tvangsreturnert til Burundi, fryktar ho døyr utan behandling i heimlandet.

Cecilie Gahonga og Yvonne Nshimirimana fryktar for kva som vil skje med venninna.

TRIST: Cecilie Gahonga og Yvonne Nshimirimana frå Burundi er særs uroa for kva som kan skje dersom den HIV-smitta kvinna blir sendt tilbake til heimlandet.

Foto: Eirik Hildal

– I Noreg har ho fått medisinen ho treng, utan den kan ho døy. Ho er van med å bu her, og har budd her i nær sju år. Ho har problem med immunforsvaret, og vi er uroa for at ho kjem til å døy, seier venninnene Cecilie Gahonga og Yvonne Nshimirimana.

Dei to er i sjokk etter at den 39 år gamle venninna deira i dag tidleg vart henta av politiet i Sogndal, og sett på flyet mot Oslo. Der ventar opphald i transittmottak, før ho skal sendast vidare til heimlandet Burundi. Kvinna sa til NRK i fjor at ho frykta for livet om ho vart send tilbake.

– Dersom eg dreg tilbake til landet mitt vil eg døy. Helsesystemet er bra i Noreg, men det er ikkje det same i Burundi. Om du ikkje er frisk vil du døy, fortalde kvinna til NRK 19. april i fjor.

– Noreg har mista ei verdifull dame

Dei to venninnene er sjølve frå Burundi, og er tydeleg prega av det som skjedde tysdag morgon. Cecilie sette seg straks i bilen då ho fekk høyre kva som hadde skjedd, og køyrde frå Sandane til Sogndal.

– Eg klarte ikkje arbeide, det var eit stort sjokk, fortel ho.

Også Yvonne måtte melde frå til arbeidsgjevarane at ho ikkje klarte å gjennomføre arbeidsdagen.

– Vi var som tvillingar. Ho har ikkje gjort noko gale, ho er ingen kriminell. Og ho treng hjelp, som alle HIV-smitta treng ho behandling, seier Yvonne.

Dei har samla seg utanfor rommet til kvinna, for å vere saman og snakke om det som har skjedd.

– Alle tinga står igjen. Ho var så snill med oss og alle. Noreg har mista ei verdifull dame, seier dei to, som no bur seg på kvardagar utan si gode venninne i nærleiken.