Hopp til innhold

FLORA: Elendig resultat for Bengt og Høgre

Høgre-ordførar Bengt Solheim-Olsen må sjå partiet sitt gå tilbake heile 14 prosentpoeng frå førre val og miste heile seks representantar. Jakob Nødseth og Samlingslista får fem representantar.

Bengt Solheim Olsen

NEDTUR: Bengt Solheim Olsen og partifelle Hanne Husebø Kristensen følgjer skuffa med på oppteljinga ifrå sofaen heime hjå ordføraren.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Vallogo

– Det var ikkje uventa at vi skulle tape representasjon, men dette var meir enn vi hadde håpa på, seier Bengt Solheim-Olsen etter å ha sett dei siste tala.

– Må du gje frå deg ordførarstolen no?

– Det ser ut som eit uoversiktleg bilete. Får vente på dei endelege resultata før vi legg ein strategi på dette. Vi får sette oss ned å analysere etter kvart. Vi får sjå dei endelege resultata. Men det er ikkje tvil om at dette er ein nedtur.

Her kan du lese alle resultata frå Flora, og her kan du sjå valsendinga til NRK og finne resultat frå alle kommunar etter kvart som dei blir klare.

– Vi får ein ny ordførar

Frå valvaka på Sunnfjord hotell er partifelle og Flora-politikar Bjørn Hollevik langt meir tydeleg på kva han trur valresultatet viser.

– Det er eit særdeles dårleg val og vi får ein ny ordførar i Flora.

– Bengt ville ha ein andre omgang – men blir sett på benken?

– Ja, det blir han, seier Hollevik.

Ola Teigen

BREIE GLIS: Svært god stemning for Ola Teigen og dei andre på valvaka til Ap i Florø.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Ap om ordførarvervet: – Oddsen betre enn i går

Bystyret går ned frå 35 representantar til 31 i komande periode. Så sjølv om Ap får eit medlem mindre, er det eit svært godt val.

– Eg må seie valresultatet, dersom det blir som dette, er det over all forventning. Eg er kjempenøgd, seier ein svært nøgd listetopp i Flora Ap, Ola Teigen

– Blir du ordførar no?

– Det gjenstår forhandlingar. Men oddsen er betre enn i går. Forskjellig konstellasjonar er moglege. Vi skal snakke med alle. Så får vi sjå kven som vil samarbeide for eit godt fleirtal for Flora dei komande åra, seier Teigen.

Jakob Nødseth

GREITT VAL: Jakob Nødseth karakteriserer 15 prosent og fem representantar som eit greitt val, men gliste også han breitt på valkvelden.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Samlingslista fram – Høgre tilbake

Høgre går tilbake 14 prosent og seks representantar. Jakob Nødseth som måtte ut frå Høgre og danna Samlingslista får 15 prosent og fem representantar.

Hollevik trur det er eit direkte byte.

– Ja, for meg ser det slik ut. Ap er veldig stabile og det er nok Høgre-stemmer Samlingslista får, seier han.

Jakob Nødseth vil vente til dei absolutt alle stemmene er telte, men seier følgjande i ein kort kommentar.

– Er dette valresultatet er det eit greitt val. Det viktige for oss er å kome i posisjon til å gjennomføre politikken vår for Flora, seier Nødseth.

Jubel i Flora Ap
Foto: Truls Kleiven