"I
Fjærland
møter Sognefjorden Europa sin største isbre, Jostedalsbreen. Kombinasjonen utgjer eitt av dei mest fascinerande naturområde i verda – høge, snødekte fjell og djupe dalar, frodige grassletter og det kanskje vakraste havområdet i verda," skriv magasinet.
"Medan verda rundt oss forandrar seg i eit rasande tempo, er det meste ved det gamle i Fjærland" skriv dei. Og det seier dagleg leiar for Mundal Hotel, Billie Hull Orheim seg samd i.
- Hotellet er allereie i dag kjend for å vere fri for mas og stress. Her er stille og fredelig, og det er ikkje TV på romma. Det er profilen vi har lagt oss på.
Foto: Torje Bjellaas / NRK
All PR er god PR
Deleigar og styremedlem i Mundal Hotel, Hilde Mauritzen, veit ikkje kor mykje ekstra gjestar dei vil få på grunn av kåringa, men seier at all PR er god PR. Og det gjeld også
gjødselutsleppet på 800.000 liter
før helga. Mykje av møka
samla seg opp på plenen
framfor hotellet. Mauritzen meiner det ikkje vil gå ut over romantikken.
- Det er slik det luktar i Fjærland. Dette gjer ingenting for oss. Det einaste som skjedde er at plenen fekk ekstra god gjødsling.
- Eg feira bursdagen min på hotellet dagen etter utsleppet, og det var ingen som klaga.
Lista
Fjærland var den einaste staden i fylket som var med på kåringa til reisemagasinet.