SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

Norsk Bremuseum

Bremuséet er teikna av Sverre Fehn. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
Bremuséet er teikna av Sverre Fehn. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
Etter opptak frå m.a. glasiologen og polarforskaren, professor Olav Orheim og systera, hotelleigar Marit Orheim Mauritzen ved Mundal hotell, vart det på slutten av 1980-talet skipa ei stifting for å få bygt eit bremuseum i Fjærland.

Publisert 25.03.2003 15:11. Oppdatert 25.07.2007 08:18.
Olav Orheim.
Bak stiftinga Norsk Bremuseum står Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Norges Vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane og universiteta i Oslo og Bergen.

Verdskjend akitekt

Den verdskjende norske arkitekten Sverre Fehn fekk i oppdrag å teikne museumsbygget, som vart opna av dronning Sonja i 1991.
(Foto: NRK)
Bygget med sin særeigne fasade vekte oppsikt vide omkring. Det innheld m.a. ein kinosal, der publikum på rundskjerm kan vere med på ei reise over breen. Den første brefilmen vart laga av den kjende norske filmskaparen Ivo Caprino.

Pedagogisk utstilling

Utstillingane er delte inn i 23 tema som på ein lettfatteleg måte, med modellar, viser
Muséet innehelde modellar av brear og brevandrarar. (Foto: NRK)
korleis breane har vorte danna og utviklar seg. Norsk Bremuseum vart utvida for 27 millionar kroner i 2007 for å gje plass til ei avdeling som viser klimaendringane på jorda.

Stor attraksjon

Norsk Bremuseum har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Sogn og Fjordane, og er ved sida av Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn og Breheimsenteret i Jostedalen like ved Nigardsbreen dei tre informasjonssentra som skal dekkje Jostedalsbreen nasjonalpark.

Brævasshytta

Like under Bøyabreen er det bygd ei turisthytte som heiter Brævasshytta. Denne vart monaleg utvida etter at Fjærlandstunnelen opna i 1986, og har m.a. panaromavindauge opp mot brefallet.

Moderne turistbygd

Fram til 1994 vart Fjærlandsfjorden trafikkert av ferje mellom Mundal og Hella. Opninga av tunnelsamband gjennom Bergetunnelen og Frudalstunnelen mot Sogndal i 1994 gav ein ny framskuv for Fjærland som ei moderne turistbygd. Fylkesbaatane og andre selskap har i turistsesongen drive båtruter mellom Fjærland og Gudvangen.

Milliongåve til klimasenter

I 2006 gav milliardæren Jens Ulltveit Moe 15 millionar kroner til Norsk Bremuseum slik at det kunne utvidast med ei avdeling der ein viser endringane i klimaet på jorda og kva som påverkar dette.

Hovudside:
· Turistbygda Fjærland


(Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no