Hopp til innhold

Fekk ukjent Astrup-verk i hendene

Eit ukjent Astrup-måleri er til vurdering av kunstekspertar. Biletet dukka opp i Sunnfjord, og kan vere eit av dei ukjende hovudverka til kunstnaren.

Utsnitt fra "Priseld" - maleri av Nikolai Astrup fra 1916.

ILLUSTRASJON: Nikolai Astrup (1880-1928) laga ei rekkje verk med jonsokmotiv. Det er uvisst kva versjon som kan ha dukka opp i Sunnfjord.

Foto: Nina Skurtveit

Etter det NRK kjenner til skal det vere tale om eit oljemåleri med dei kjende jonsokmotiva til Jølster-kunstnaren.

NRK kjenner også til at verket er til vurdering av ekspertar, og det blir skildra som eit svært spennande bilete.

Ivrig Astrup-kjennar

Nikolai Astrup

KUNSTNAR: Verka til Nikolai Astrup kan i dag vere verd millionar.

Personen som har måleriet ynskjer ikkje å vise fram biletet enno. Han vil heller ikkje seie korleis han kom over biletet.

Kunsthistorikaren Øystein Loge har i årevis skrive om, og forska på, Nikolai Astrup. Han seier fleire måleri som ville vore rekna som hovudverk av Jølster-kunstnaren framleis kan kome fram.

– Eg har sett svart-kvitt bilete frå utstillingar langt tilbake i tid som viser verk vi ikkje veit kvar er. Ut frå desse bileta er det nokre måleri som definitivt er mellom hovudverka hans, seier Loge.

– Fleire vil dukke opp

Dersom det aktuelle biletet viser seg å vere eit hovudverk, kan det vere tale om eit verk med verdi på mange millionar kroner. Eigaren seier at han ynskjer at verket skal bli verande i Sogn og Fjordane.

Astrup var ein svært produktiv kunstnar, som stundom også nytta kunsten sin som betaling. Det er ein annan grunn til at Loge trur det stundom vil dukke opp nye verk.

– Mange av desse kan vere flotte i seg sjølv, men vil ikkje tilføre noko nytt, seier kunsthistorikaren, seier han.