Hopp til innhold

Vil ha forsking på Astrup-tresnitt

Etterkomarane til kunstnaren Nikolai Astrup ynskjer at nokon forskar meir på Astrup sin tresnitt-teknikk. Men forskarane meiner dei har gjort det dei kan.

Etterkomarar av Nikolai Astrup
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

- Det han har fått til så fantastiske, trykte fargar med så enkle middel er heilt utruleg. Tenk å få forklart korleis han gjekk fram? Det har eg ikkje sett i bøker eller nokon annan stad, seier barnebarnet til Nikolai Astrup, Nikolai Astrup Geelmuyden.

Les meir om Nikolai Astrup i Fylkesleksikonet

50 etterkomarar samla

Nikolai Astrup: Fugl på sten. Håndkolorert tresnitt.

HÅNDFARGA: Eit av Astrup sine tresnitt: 'Fugl på stein'

Foto: Nina Skurtveit

NRK snakka med etterkomarane etter den store kunstnaren i helga, i samband med etterkomarane sitt store slektstreff i Jølster. Over 50 barneborn, oldeborn og tipp-oldeborn var samla, slik dei har vore kvart tredje år sidan 1980 - året då kunstnaren ville fylt 100 år. Kontroversielle tema rundt forvaltninga av Astruptunet vart lagt til side, men sjølve kunsten vart flittig diskutert då dei møtte NRK. I tillegg til det reint familiære sidene rundt etterkomarane sine tidlege besøk på Astruptunet.

- Eg hugsar heile barneflokken låg på hemsen, og ungane hadde det fritt og fint. Det var ikkje nokon leggetider. Vi ordna oss sjølv og bordet stod alltid dekka, seier Nikolai Astrup Geelmuyden.

Mimrar ikkje så mykje

Nikolai Astrup måla av Henrik Lund i 1900

ASTRUP SJØLV: Portrett av Henrik Lund frå 1900.

- Vi står jo midt i alle motiva hans så litt mimring blir det jo, men vi er eigentleg ikkje så veldig mimrete for vi må jo høyre kva som har skjedd med denne generasjonen sidan sist. Og så må vi jo helse på dei nye, seier Ingebjørg Astrup, ei av etterkomarane som har teke på seg organiseringa av slektstreffet.

Tilgjengelege trykkplater

Sjølv om det er oljemåleria til Jølster-kunstnaren som er mest kjende og som i dag blir omsette for millionar på kunstauksjonar, var han ein pioner også innan tresnitt og trykk. Blant kunsthistorikarar er denne sida av Astrup-kunsten vel så viktig som oljemåleria. Mange av trykkplatene eksisterer framleis og Kari Astrup, eit anna barneborn, er einig med fetteren sin.

- Her er det høve til forsking, både for universiteta og på kunstskulane våre, seier ho.

- Og har dei god anledning til sidan både trykkplatene og bilda er tilgjengelege, seier Nikolai Astrup Geelmuyden.

Ny bok i 2010

Astrup-kjennar Øystein Loge har likevel vanskar med å sjå føre seg kva forskarane eventuelt skulle ta tak i. Han gav sjølv ut boka "Nikolai Astrup; tresnitt" saman med Oda Wildhagen Gjessing og Kari Greve i 2010 gjennom Sparebankstifelsen DNB NOR.

- Der står det me veit om teknikken hans og materiala han brukte. Så eg veit ikkje om nokon har funne materiale som forskinga ikkje har hatt høve til å sjå på.

- Er det ikkje meir å forske på?

- Det er det sikkert, men det er ikkje kjelder som eg kjenner til som ikkje har vore brukt, seier Loge.