Etter ei lang rekkje innbrot i Nordfjord og på Sunnmøre vart mannen pågripen etter tips frå publikum i starten av februar.
- Les også: Vil framstille sikta for fengsling
Vel ei veke seinare fann politiet det første av to depot. Gøymt i terrenget utanfor Stryn fann politiet ein stor del tjuvegods. Eit tilsvarande depot vart avdekka på Sunnmøre.
- Les også: Uro etter innbrotsbølgje
– I begge depota fann vi sølvtøy, smykkar, datamaskiner, iPad og telefonar. Store delar av det som vart stole er funne att, seier politibetjent Jan Tore Sunde.
Har funne tjuvegods
Sunde vil ikkje seie kva i etterforskinga som leia politiet til dei to depota.
– Men vi kan knyte sikta til fleire av gjerningsstadane og til godset som er funne. Godset kan vi spore attende til tjuveria, seier han.
Politiet meiner å kunne knyte mannen til ti saker. Åtte i Nordfjord og to i Ørsta/Volda. I alt meiner politiet at det handlar om verdiar for kring 300.000 kroner.
Var på ferie
Forsvararen til mannen, Petter Bonde, vil ikkje kommentere saka før han har sett den endelege tiltalen.
Mannen har sagt til politiet at han var på ferie då han vart pågripen. Han har sete varetektsfengsla sidan pågripinga. 25. mars avgjorde Fjordane tingrett at politiet kan halde på han til 16. april.
– Han nektar for å ha noko med sakene å gjere. Han har ikkje samarbeidd med politiet og stiller seg uforståande til det han er sikta for, seier Sunde.
Ser ikkje bort frå fleire
Politiet meiner mannen opererte åleine sjølv skulle plukke med seg tjuvegodset ut av landet.
– No set vi saman saka, går igjennom beslaga og gir godset tilbake til fornærma, seier Sunde og ikkje ser bort frå at fleire hus- og hytteeigarar kan få seg ei ubehageleg overrasking i påska:
– Fleire av husa han har gjort teke seg inn i er ubebudde hus som er sjekka i ettertid. Det kan framleis vere hytter og hus som folk berre besøker i ferie, så vi kan ikkje sjå bort frå at folk kjem i påska og ser at det har vore folk inne.