Hopp til innhold

Litauar teken etter innbrot

Ein mann i 20-åra vart måndag ettermiddag pågripen for innbrota i Stryn, Hornindal og Oldedalen.

Mann pågripen i Stryn

ARRESTERT: Politiet pågreip mannen utan dramatikk ved ein rasteplass.

Foto: Politiet

Politiet sine bilete av fotavtrykk etter innbrot

SPOR I SNØEN: Politiet har sikra seg fotavtrykk etter innbrota i Stryn.

Foto: Politi

Vi har arrestere ein person som vi mistenkjer å ha tilknyting til dei innbrota som har skjedd i området dei siste dagane, seier politibetjent Marie Espe.

Var aleine då han vart teken

Politiet fekk tips om ein bil dei ville undersøkje nærare. Og etter å ha reist ut til den aktuelle bilen fann dei mannen.

– Han var aleine i bilen og arrestasjonen pågjekk utan dramatikk, fortel Espe.

Fredag og laurdag braut tjuvar seg inn i fleire bustadhus i Stryn og Hornindal. Det har og vore gjort innbrot i bilar og forsøk på innbrot.

Tjuvane har teke med seg datautstyr og sølvtøy.

Ikkje mistanke om andre

Ein mørk stasjonsvogn har vore observert i samband med innbrota både i Hornindal og Stryn.

Har politiet mistanke om at denne personen kan vere involvert i innbrot andre stader?

– Vi har ikkje mistanke om det enno. Det er dei innbrota som har skjedd i Stryn, Hornindal og i Oldedalen som vi veit om, og som vi mistenkjer at han kan tilknyting til.

Mannen er av utanlandsk opphav og skal vere i 20-åra.

– Han er utanlandsk og kjem truleg frå Litauen, seier Espe.

Innbrot i Stryn og Hornindal