Hopp til innhold

Spelgründer håpte å selje 100 spel, trur 800 heimar har fått "Norsk Galskap" i hus

Spelgründer, Torbjørn Vereide, hadde håpt å selje 100 spel, og frykta at faren måtte ha garasjen full av utselde spel framover. Etter åtte dagars sal, trur han det er selt svimlande 800 spel.

Norsk Galskap
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– «Norsk Galskap» har gått heilt fenomenalt. Containerskip, glatte vegar og alt ein kan tenkje seg gjorde at spelet vart veldig forseinka, og kom i butikk berre åtte dagar før jul, fortel Torbjørn Vereide, som er hjernen bak spelet.

Trass forseinkingar og dårleg tid til å få spelet inn under juletrea i norske heimar, har salet gått over alle forventingar.

– Eg har i grunn ikkje peiling på kor mange som er selde, men eg gjettar på 800 spel i Sogn og Fjordane, seier spelgründeren.

To store pallar med spel vart bestilt til Sandane, og føre julekvelden kom var alle reinska vekk frå butikkane. Dermed har etterspurnaden allereie gått langt over Vereide sine forventingar.

Norsk galskap høvle brunost

SKAPAR GOD STEMNING: Spelgründer Torbjørn Vereide, var redd han skulle gå lei av spelet etter å ha snakka om det i lang tid, men etter å ha spelt i jula, syns han framleis det blir god stemning av spelet.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Frykta garasjen skulle bli full av spel

– Om eg vart kvitt 100, så tenkte eg at eg kunne få tilgjeving for at garasjen til pappa stod full av spel i etterkant. Men, plutseleg så vart alt ute. Det knuste alle forventingar til positiv glede. Når eg har sett kor mange som har spelt det, og kome med positiv tilbakemelding, så har det gjort at jula har vore over gjennomsnittet fin, seier han og ler.

Før jul var spelet berre til sals i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland, men no håpar han at spelet kan lanserast i resten av landet også.

– Folk som har fått oppleve galskapen må berre prøve å få det til å smitte frå fylket her og inn i stover, hytter og heimar i heile landet. Målet må jo vere å spreie galskapen.

Trass i at han har arbeidd hardt med spelet i lang tid, og var redd for å gå lei av heile greie, har det også blitt speling på han i julehøgtida.

– Eg syns framleis det er hysterisk morosamt.