Hopp til innhold

I dette spelet kan du høvle usynleg brunost!

Fem unge gründerar ynskjer å føre familiar og vennegjengar saman rundt stovebordet igjen. Det skal dei få til med brettspelet "Norsk Galskap".

Norsk galskap

Gründerane Anders Myklebust (t.v), Benedicte Fugledal, Vegard Melheim, Torbjørn Vereide og Kristine Warholm står bak brettspelet «Norsk Galskap».

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Dette er eit klassisk brettspel med ein morosam vri. Du kan risikere å måtte joike til applaus, banke deg på brystkassa som ein gorilla eller late som du høvlar ein usynleg brunost. Du kan godt seie at vi vil prøve å bringe galskapen inn i norske heimar, seier Torbjørn Vereide.

– Vil samle familien

Torbjørn Vereide frå Sandane og medgründarane Kristine Warholm frå Hareid, Benedicte Fugledal frå Ulsteinvik, Anders Myklebust frå Måløy og Vegard Melheim frå Årdal utgjer studentbedrifta Norsk Galskap SB.

Dei satsar no stort på brettspelet med same namn, og har mellom anna registrert enkeltmannsføretak.

Dei er sisteårsstudentar ved linja for innovasjonsleiing og entrepenørskap ved Høgskulen i Ålesund. Gjengen håpar at satsinga som først starta som hovudoppgåva til studentbedrifta deira, kan føre til at norske familier nyttar spelet for å finne tilbake til kvarandre.

Norsk Galskap

Brettspelet «Norsk Galskap» er eit klassisk terningspel med ein vri. Slår deltakarane fem eller seks med terningen, kan ein mellom anna måtte late som ein har fått elektrisk støyt.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Vi ynskjer sjølvsagt ikkje å få bukt med iPad, Facebook og smarttelefonar, slikt som typisk heftar mange i kvardagen. Det vi vil oppnå med dette produktet er at familiane samlar seg kring ein aktivitet som er både morosam og utfordrande, seier Kristine Warholm.

– Folk vil i tillegg måtte stige ut av komfortsona si, seier Benedicte Fugledal.

Gode tilbakemeldingar

Mellom 50 og 60 testpersonar, både venar, familie og elevar ved vidaregåande skular har fått spele spelet, og tilbakemeldingane har i følgje dei fem vore av det gode slaget.

– Ein vidaregåande skule i Bergen fekk låne eit eksemplar av oss. Ei av klassene der sleit med dårleg klassemiljø. Signala vi fekk etter at dei hadde lånt spelet over ei periode var at klassemiljøet faktisk såg ut til å ha betra seg,seier Anders Myklebust, før Vegard Melheim legg til:

Norsk galskap høvle brunost

Ein av oppgåvene ein kan få er å late som ein høvlar brunost. Latteren sat laust hjå Kristine Warholm (midten) og Benedicte Fugledal då Torbjørn Vereide viste fram høvle-ferdigheitene.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Latter og moro betrar beviseleg forhold mellom menneske. Difor er det ikkje så rart at spelet vårt, som er basert på oppgåver ein kan gjere saman på ein humoristisk måte, har vore med på å betre eit klassemiljø.

150.000 kroner frå eigne lommer

Det er langt i frå kostnadsfritt å utvikle og produsere brettspel. Ideen har likevel komt så langt at spelet kan bli masseprodusert.

Kvintetten har fått i hamn ein avtale med eit norsk forlag, samt funne ein produsent i Hong Kong som vil vere med på å setje ideen ut i livet. 4.500 eksemplar skal setjast i produksjon. Det har også gått med nokre kroner til design av prototypar.

Norsk Galskap illustrasjon

Artige særnorske detaljar pregar designet på spelbrettet. Her er det Petter Solberg sitt klassiske sitat som prydar eine svingen på brettet.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Samla kostnad per i dag ligg på 150.000 kroner, som gründerane finansierer ut av eigne lommer.

Vi har stor tru på denne satsinga vil bere frukter. Difor betalar vi for alt sjølv, seier Torbjørn Vereide.