Hopp til innhold

Even endeleg kvitt skaden - no gler han seg til meir speletid i sin tyske klubb

Even Hovland frå Vadheim stortrivst i sin nye heimby, tyske Nürnberg. No er skadeproblema over, og han vonar på mykje speletid framover.

Even Hovland i brosjyre

GODT PRESENTERT: Slik blir Even Hovland presentert på heimesidene til den tyske fotballklubben FC Nürnberg.

Foto: http://www.fcn.de

Sogningen gjekk frå Molde til tysk fotball i år, men gjekk nærast rett inn i eit langt skadeavbrekk. No har han vore gjennom mange rundar med opptrening og behandling, og i går fekk han eit innhopp då Nürnberg slo Kaiserslautern 3–2 heime.

– Det er utruleg kjekt å endeleg få moglegheita etter ein litt dårleg start med skade. Det gjekk heilt greitt. Vi måtte inn og forsvare oss på slutten, for Kaiserslautern ville ha utlikning, men vi greidde heldigvis å ro det i land etter ein ikkje så alt for god seriestart, fortel Even på telefon frå Tyskland.

– Korleis er stemninga i laget?

– Stemninga den er forholdsvis grei, sjølv om det plagar oss at vi ikkje klarer prestere betre. Vonleg var dette med på å snu trenden. Alle var glad og letta for at vi fekk tre poeng i går og så får vi jobbe vidare med neste kamp på fredag.

Even Hovland legg vekt på at han no må ta den speletida han får som midtstoppar i den tyske storklubben, som no ligg på 13. plass i 2. bundesliga.

– Eg må berre ta dei minutta ein får, og overtyde om at ein fortener å spele. Dei andre midtstopparane har gjort det bra, men det er jo difor vi er her for å kjempe om ein plass på laget.

Even forsikrar at han trivst veldig godt i Nürnberg, etter overgangen frå Molde.

– Det er ein stille og roleg by. Flott gjeng både på og utanfor bana, fortel Even.