Hopp til innhold

Jamn EM-kamp mot treningskameratane: Eithun og Horrem trekte det lengste strået

I kamp prega av mykje vind og eit høgt tenningsnivå på begge lag, var det Iver Horrem og Geir Eithun som gjekk sigrande ut av duellen mellom dei to norske laga i EM i sandvolleyball.

Geir Eithun og Iver Horrem gjekk sigrande ut av første EM-kamp i sandvolleyball.

SIGER: Dei to norske laga i EM i sandvolleyball møttest til dyst i første kamp, Iver Horrem og Geir Eithun sikra seg sigeren i ein jamn kamp mot Morten Kvamsdal og Øivind Hordvik.

Foto: Arrangørane av EM i sandvolleyball: www.cev.lu

– Det er masse energi og frustrasjon som skal ut, og det er veldig jamt. Vi ligg godt bakpå i tredje sett før vi tek dei igjen og går forbi dei på slutten, seier Geir Eithun, som saman med Iver Horrem vann første EM-kampen i sandvolleyball.

Motstandarar var Morten Kvamsdal og Øivind Hordvik, som dei trenar med så å seie dagleg. Eithun og Horrem vann til slutt 2-1, i ein kamp som varte i nær ein time.

– Det skapar ein del utfordringar å møte eit lag ein kjenner så godt og i tillegg var det veldig vanskelege vindforhold. Men vi held roa sjølv om vi er bakpå. Det er lett å bli frustrerte, men i dag klarte vi det bra. Vi har rota vekk slike kampar før, så det er godt å vere på rette sida, seier Eithun, som deltek i sitt fjerde Europameisterskap i sandvolleyball.

Møter tøff motstand dei neste dagane

32 lag deltek i meisterskapen, og i dei innleiande rundane er det fire lag som møter til puljespel i åtte grupper. Gruppevinnarane går direkte til ein åttandedelsfinale, medan andre- og tredjeplassen må inn i ei ny runde med spel før avansement.

Det vart ein jamn kamp mellom dei to norske laga i EM i sandvolleyball.

VIND: Kampen bar preg av at dei to laga kjenner kvarandre godt, og at det var utfordrande forhold på bana, seier Geir Eithun.

Foto: Arrangøren av EM i sandvolleyball: www.cev.lu

Sist EM hamna Eithun og makkeren på femteplass, og det er tøff motstand som må nedkjempast før dei har sikra seg vidare spel. Onsdag møter dei Latvia, som vann ei verdsserieturnering for to dagar sidan, og torsdag er det regjerande verdsmeistrar Nederland som står for tur.

– Vi har nyleg slått begge laga, og dei er gode, men vi veit at når vi spelar bra så kan vi matche dei. Vi er så godt budde som vi kan vere. VI spelar betre sandvolleyball no enn sist EM, men vi må spele på vårt aller beste skal vi tangere eller gjere det betre enn sist gong.

Utfordrande speleforhold

EM i strandvolleyball blir arrangert i Cagliari, hovudstaden på Sardinia i Italia. At det er vindfullt på øya har dei fått erfare til det fulle i dagens kamp.

– Det var veldig vanskeleg vindforhold under kampen, fortel førdianaren Og legg til at det skal mykje til før ein kamp blir stogga på grunn av vind.

– Då skal ein nesten ikkje få ballen over. Det blir heilt sikkert ikkje stogga her, men det er klart at spelet blir påverka. Nokre lag er betre enn andre i desse forholda, men plutseleg ein dag så er det vindstille, så det endrar seg. Vi må berre gjere det beste ut av det, seier Eithun.