Hopp til innhold

Her spurtar EM-håpa frå haglskuren

Geir Eithun og Iver Horrem har satsa heilt nytt fram mot EM og starten av kvalifiseringa til OL 2016. Men smertefulle og intense «Operasjon Neptune» var ikkje med i planane til sandvolleyballduoen.

Iver Horrem og Geir Eithun var nesten ferdig med treningsøkta ved Sognsvann. Så sette eit forferdeleg regn inn, med påfølgjande og smertefullt haglskur.

SPURTAR: Då skuren sette inn som verst, måtte lettkledde Geir Eithun og Iver Horrem ta beina fatt for å komme i ly for dei vonde haglkulene. (FOTO: PRIVAT)

Videoen dei har lagt ut på sine eigne nettsider vitnar om både eit intenst og smertefullt møte med haglskuret på tampen av ei treningsøkt ved Sognsvann.

Sjølv skildrar Geir Eithun og Iver Horrem det som ein «D-dag».

– Vi hadde eigentleg ei bra sommarøkt i over 20 grader, men så kom det greiene der. Og vi hadde fleire hundre meter til tak, ler Eithun.

– Rett og slett vondt

– Det byrja med store klare regndropar, men vi bestemte oss for å halde fram. Så hagla det plutseleg store kuler. Vi spelar ganske lettkledde, så det vart rett og slett vondt, humrar han.

Eithun og Horrem er Norge sitt einaste EM-håp på herresida, når meisterskapen startar over helga. Då haglskuret sette inn tok medaljehåpa beina fatt og kom seg under tak.

Jaktar EM-medalje

Horrem og Eithun

EM-HÅP: Sandvolleyballduoen Iver Horrem og Geir Eithun har håp om å stå på pallen i EM.

Foto: FIVB

Duoen har i vinter justert kraftig ned på tal reisedøgn, og har jobba knallhardt med både fysikk og teknikk. For når sesongen no brakar i gang for alvor, er det alt anna enn haglskur dei må overvinne for å oppnå suksess.

Til helga står Masterturneringa i austerrikske Baden, før dei tysdag spelar første EM-kamp i Cagliari, Italia. Der siktar dei seg inn mot pallen. Ei vekes tid seinare startar også kvalifiseringa til OL i Brasil.

– Vi vart nummer fem i fjor, og ambisjonane er å ta dette eitt steg vidare i år. Vi må spele vårt aller beste for å tangere eller slå resultatet frå i fjor, seier Eithun.

– Små marginar

Skal dei klatre heilt til topps må dei tukte vertsnasjonens Daniele Lupo og Paolo Nicolai, som nyleg vann begge turneringane i Kina. Dei må tukte dei regjerande verdsmeistrane frå Nederland, Alexander Brouwer og Robert Meeuwsen, og latviske Aleksandrs Amoilovs og Janis Smedins, som vann verdsserien i fjor.

I tillegg er Tyskland også rekna som ei stormakt innan sandvolleyball.

– Det er små marginar om ein skal nå langt i EM. Med unntak av nokre få lag, så er det mykje dei same laga som er med i verdsserien. Men vi kjenner oss i veldig bra form, seier Eithun.

Veit kva som må til

Den eigentlege sesongstarten skjedde i månadsskiftet april/mai i Shanghai, der Eithun/Horrem enda på 17. plass i Grand Slam-turneringa etter tap mot nettopp Brouwer og Meeuwsen.

– Tida etter Shanghai har vi brukt til å finspisse litt på formtoppen. Vi veit kva vi skal gjere, og det er berre å halde fram med det vi har gjort i vinter. Vi stolar veldig på at det er det som skal til for å stabilisere spelet vårt, seier Eithun.

Først tett opp til meisterskapsstarten får dei norske medaljehåpa vite kven dei møter i gruppespelet.