Hopp til innhold

Eigarkommunane meir betenkte til å kjøpe «storebror»

Låge kraftprisar i fleire år framover gjer eigarkommunane meir betenkte til Sognekraft sine planar om å kjøpe seg opp i kraftgiganten BKK.

Sognekraft

EIGARMØTE: Veksande skepsis til Sognekraft sine planer om å kjøpe seg opp i BKK, gjer at det er knytt stor spenning til fredagens eigarmøte i kraftselskapet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Det har snart gått eit halvår sidan Sognekraft kunngjorde at dei er med i ein vestlandsallianse som ynskjer å kjøpe Statkraft sine aksjar i kraftselskapet BKK .

Prislappen på den 49 prosent store eigarposten vart den gongen antyda til å vere kring 10 milliardar kroner. BKK er også medeigar i Sognekraft.

– Det sikrar at verdiskapinga av kraftproduksjonen blir verande på Vestlandet, sa ein stornøgd Vik-ordførar Marta Finden Halset (Ap) då .

Veksande skepsis

Sognekraft har arbeidd med oppkjøpsplanane i eit par år. I denne tida har prisane på krafta stupt. Entusiasmen over ei investering som vil sikra lokal kontroll over kraftinntektene, har difor blanda seg med ein veksande skepsis. Prognosane for åra som kjem, seier nemleg at prisane kjem til å halda seg relativt låge.

I tillegg er det venta mykje ny kraft inn på marknaden som vil leggja eit ytterlegare press på prisane.

Å kjøpa seg opp i BKK står fram difor ikkje lenger som så lukrativt for Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster som eig Sognekraft i lag med BKK.

Har mange planar

Eit anna forhold er at Sognekraft vil trenga mykje pengar til å byggja ut nye allereie planlagde vasskraftverk. Dei siste åra har selskapet arbeidd intenst med å sikra seg fallrettar og stabla nye vasskraftutbyggingar på føtene.

Dei har allereie fått konsesjon til å byggja eit stort kraftverk i Feios, og har dessutan inne søknader for omfattande utbyggingar i Leikanger og Årdal, samt mindre prosjekt i Balestrand og Sogndal.

Når eigarkommunane i tillegg forventar rause årlege millionutbyte frå kraftselskapet, kan det å bruka gigantsummar på å kjøpa seg opp i BKK, bli å ta seg vatn over hovudet.

Fryktar andre oppkjøparar

Dilemmaet for Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster er at andre aktørar utan omsut for Sogn fort kan kjøpa Statkraft-aksjane i BKK dersom ikkje Sognekraft og dei andre i vestlandsalliansen gjer det.

Redselen til kommunane er at det skal koma inn ein stor eigar i BKK som igjen vil bruka sin 44 prosent store eigarpost i Sognekraft til å dra selskapet i ei retning som ikkje gagnar Sogn.

Spesielt for Vik står mykje på spel dersom tyngdepunktet i selskapet skulle bli forskove. Vik er den største aksjonæren blant sognekommunane med ein eigarpost på 20 prosent, og dessutan ligg hovudkontoret der, noko som gir mange sårt trengde arbeidsplassar til sognekommunen.

Ber om meir tid?

Ein ting som kan gjera det lettare å få kommunane med på eit oppkjøp, er at verdien på Statkraft sin aksjepost truleg har sokke i takt med kraftprisane. Det kan òg styrkja Sognekraft sin posisjon i dei pågåande forhandlingane.

Så sjølv om sognekommunane er blitt meir betenkte, vil dei truleg ikkje parkera oppkjøpsplanane på eigarmøtet fredag.

Etter alt å dømma vil dei derimot be om meir tid og grundigare vurderingar frå ekspertar, som kan bli avgjerande når dei fem kommunestyra langs Sognefjorden eventuelt skal ta stilling til ein framforhandla oppkjøpsavtale.