Hopp til innhold

Trur gigant kan gi lågare nettleige

BKK-sjefen trur det blir lågare nettleige i distrikta om fleire kraftselskap slår seg saman.

Reperatører BKK
Foto: Inger Åse Skage / NRK

Fredag blei det klart at ein allianse av vestlandske kraftselskap vil kjøpe halvparten av energigiganten BKK frå Statkraft.

BKK-sjef Atle Neteland seier til Bergens Tidende at vil vere positivt for distrikta.

– Årsaka er at nettleiga ofte er høgare i distrikta, men når det blir ein felles nettariff med byane, tenar distrikta på det, seier han.

Sparte fleire tusen

Ein intensjonsavtale er no inngått mellom Statkraft, Sognekraft, Haugaland kraft og Sunnhordland kraftlag. Etter det NRK har grunn til å tru kan prislappen for vel halvparten av aksjane i BKK vere vel 10 milliardar kroner. Sognekraft sin del i BKK blir truleg ti prosent.

– Når eit nettselskap i ein større by fusjonerer med nettselskap i distrikta, får vi som regel lågare nettleie i distriktet.

Han seier at Høyanger, Gulen og Masfjorden fekk redusert leiga med fleire tusen kroner i året då små nettselskap her slo seg samane med BKK.

Drøymer om felles selskap

Neteland seier til BT at draumen hans er å skape eit felles energiselskap av dei sju kraftselskapa i Vestlandsalliansen.

– Det er lettast å få til om ein startar på nettsida. Det er mindre arvesølv her og difor enklare å byrje her, seier han.