Hopp til innhold

Dykka ned til 77 meter - utan luft

I havet utanfor Egypt dykka Bjarte Nygard frå Kaupanger utan hjelpemiddel ned til 77 meters djupne. Det er ny norsk rekord.

Bjarte Nygard

NORSK REKORD: Bjarte Nygard er no den nordmannen som har dykka djupast i havet utan bruk av hjelpemiddel eller surstoff undervegs.

Foto: Privat

Bjarte Nygard sette onsdag ny norsk rekord i fridykking i havet utanfor Egypt:

Utan surstoff eller andre hjelpemiddel dykka Nygård ned til 77 meters djupne.

- No har eg ei stor kjensle av lykke. Det er alltid store forventingar når ein reiser så langt, og etter at ein har trent og førebudd seg så mykje. Dessutan er det små marginar om dykket vert godkjend eller ikkje. Så no kjennest det veldig godt, seier Nygard.

Tøff påkjenning for kroppen

Sogningen er no den nordmannen som har dykka djupast ned i havet utan noko form for hjelpemiddel.

Han kan rapportere om ei heilt spesiell kjensle der nede i djupet.

- Ein merkar at kroppen bli samanpressa, og det går hardt utover lungar og brystkasse, forklarer Nygard.

Roa seg ned siste kvarteret

Han var sliten - men veldig glad, då NRK snakka med han etter rekorddykket.

For natta før han skulle i aksjon var han svært spent. På konkurransedagen hadde han dårleg matlyst og mykje nervar...

Først det siste kvarteret klarte han å roe seg ned - og då gjekk sjølve dykket greitt.

Slik sette han rekorden

Slik forklarer han korleis han sette den norske rekorden:

- Eg tok det siste pustet på overflata. Så sumde eg ned til 25-30 meter, der lungane blir pressa saman og ein mister mykje av oppdrifta. Deretter sank eg om lag 50 meter til langs eit tau. Der nede tok eg med ei lita brikke tilbake til overflata i passe fart, seier Nygard.

Vil slå seg sjølv

Fridykking er ein liten idrett i verdsmålestokk. I Norge er det om lag ti personar som konkurrerer, medan Frankrike til samanlikning har fleire hundre aktive fridykkarar.

No satsar Bjarte Nygard på å slå sin eigen rekord under sommarens lag-VM i Japan.