Hopp til innhold

Vart verdsmeister i fridykking

Bjarte Nygard (29) frå Kaupanger vart torsdag kveld Norges første verdsmeister i fridykking.

Bjarte Nygard

Bjarte Nygard frå Kaupanger vart historisk som den første norske verdsmeisteren i fridykking.

Foto: Privat

Etter nær fire minuttar under vatn, og seks bassenglengder, slo Nygard til med eit dykk på totalt 199 meter. Det vart også ny norsk rekord.

- Det var veldig stort. Dette hadde eg aldri trudd for ei stund sidan. Det kjennest heilt rart ut no. Akkurat no står eg i kø og skal på dopingkontroll, fortel seier han på telefon frå danske Århus.

Debuterte med siger

Det er første gang at sogningen deltek i eit VM i sporten som han har drive med i 2,5 år. Heile 150 utøvarar frå 40 land deltek i Århus. Under dykkinga torsdag hadde Nygard 60 konkurrentar.

- Alt stemte, og eg hadde ei god kjensle heile vegen. Men at det skulle halde til VM-gull og norsk rekord hadde eg aldri trudd, sa Nygard.

Vann med 17 meter

Sjølve konkurransen gjekk i baseng. Dybdedelen av VM går av stabelen på Bahamas seinare i haust.

- Fridykking i basseng går ut på å symje så langt som mogleg under vatn. Eg symde 199 meter, medan nestemann symde 182. Så det var relativt langt bakover, fortel Nygard.

- Veldig, veldig tungt

- Det byrjar ganske tidleg å bli fykteleg ubehageleg, så det er om å gjere å berre vere roleg og halde fram uansett. Men det går veldig fint, seier Nygard og vedgår at det vart tungt på slutten.

- Det var veldig, veldig tungt. Du får enormt masse mjølkesyre sidan du ikkje får tilført oksygen. Det er ei veldig har påkjenning på kroppen. Eg har vondt i hovudet no, men det ordnar seg snart, seier han.

Hadde ikkje kontroll

Nygard visste ikkje korleis han låg han då han gjekk opp av bassenget, men fekk raskt stadfesta at det var vel verdt alt slitet.

- Eg hadde ikkje kontroll på det. Eg måtte vente ei stund på å få godkjent dykket og så vart det mykje jubel. Det var heilt fantastisk, seier han. I tillegg til gullmedaljen, vanka det ein del dykkeutstyr, ein dykkeferie i Egypt og 400 euro på den nybakte verdsmeisteren.