Hopp til innhold

Jon sine tre råd for å vinne i kveld

Sogndal må heve seg kraftig etter heimetapet mot Levanger torsdag for å klare å ta poeng borte mot Kristiansund, meiner Sogndal-ekspert Jon Navarsete.

Jon Navarsete

LANG ERFARING: Jon Navarsete spelte sjølv for Sogndal i mange år. Framleis er han glødande interessert i laget.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Alle bortekampar er i utgangspunktet vanskelege. Ut frå det som skjedde på Fosshaugane sist så forventar eg at dei har teke ein runde med seg sjølv. Det som skjedde mot Levanger var vel ei arbeidsulukke og ei undervurdering, meiner Navarsete.

1. divisjon har synte seg å vere jamnare hittil enn det ein kanskje skulle tru. Navarsete meiner at det syner mykje om nivået.

– 1. divisjon ikkje er ikkje nokon kjære mor. Det høyrest greitt ut å møte Nest-Sotra eller Levanger, men det er ikkje slik det er. Fotballen i Norge har utvikla seg, meiner Navarsete.

Her er hans tre råd på vegen for at Sogndal skal klare å reise seg att og sikre poeng på Nordmøre søndag kveld:

1. Slåst og kjempe

Sogndal må spele kynisk og aggressivt, slik ein såg det mot Jerv og Nest-Sotra

2. Klare å forløyse potensialet

Sogndal bør ha god nok kvalitet til å kjempe i toppen i 1. divisjon. Med konsentrasjon om oppgåvene klarar dei poeng mot Kristiansund.

3. Krige om kvar ball

Dei må stå samla som 11 krigarar ute på bana. Det heiter at det enkle er ofte det beste. Slik bør det vere med Sogndal i kveld også.

Glad for tidleg kamp

Sogndalmanager Eirik Bakke meiner det er bra at dei får sjansen til å revansjere tapet mot Levanger alt no i kveld.

– Det er bra denne kampen kjem so fort etter nedturen sist, då får me sjansen til å slå tilbake med ein gong. Det er ein revansjesugen gjeng eg har med oppover, seier Bakke til Sogndalfotball.no

Sogndal stiller med følgjande lag mot Kristiansund:

Christian Sukke, Kristian Rutlin, Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Victor Grodås, Christophe Psyché, Rune Bolseth, Babacar Sarr, Simen Brekkhus, Petter Strand, Lars Christian Kjemhus, Ulrik Flo, Robin Shroot, Jim Johansen og Mahatma Otoo.