Hopp til innhold

Det blir ingen kraftgigant i vest

Det blir ingenting av den varsla kraftgiganten på Vestlandet. «Vestlandsalliansen» kom ikkje til semje om kjøp av Statkraft sine aksjar i kraftselskapet BKK.

Sognekraft

AVSLUTTAR: Sognekraft og resten av kraftverka på Vestlandet kom ikkje til semje om kjøp av BKK-aksjane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Intensjonsavtalen vart signert 24. januar i år og Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK), Haugaland Kraft, Sunnhordland Kraftlag (SKL), Sognekraft og Statkraft starta forhandlingane.

Sidan har ikkje partane kome til semje om verdien på aktiva.

– Arbeidet med å komme fram til ein avtale basert på intensjonen om å gjennomføre endringar i eigarskap i BKK og i kraftverk på Vestlandet, er dermed avslutta, skriv kraftselskapa i ei pressemelding.

Salet stod i stampe

BKK blir i dag eigd av Statkraft med 49,9 prosent og Bergen kommune med 37,75 prosent, medan 16 landkommunar eig dei resterande 12,35 prosentane.

I september vart det antyda at Sognekraft sleit med å få på plass finansiering til oppkjøpet . Dette avviste Sognekraft-sjef Terje Bakke Nævdal.

– Prosessen går sin gang med jamleg dialog, og Sognekraft hadde ikkje gått inn i denne prosessen viss ein ikkje hadde slike løysingar på plass, sa han då.

Skulle styrke BKK

Intensjonsavtalen skulle danne basis for å starte forhandlingar om ein transaksjon som skulle medverke til å rydde i eigarskap og tilrettelegge for eit tettare industrielt samarbeid mellom kraftselskapa på Vestlandet.

Vidare å tilrettelegge for ein god industriell og økonomisk utvikling og vekst for BKK, samt sikre offentleg kontroll og ein god regional forankring og styring.

Til slutt skulle avtalen føre Statkraft ut av BKK som aksjonær.

– Forhandlingane basert på Intensjonsavtalen har vore ein lang og krevjande prosess der partane aktivt har forsøkt å finne løysingar. Til trass for det, har det ikkje vore mogeleg å komme fram til ei løysing om innebar semje av verdiane på aktiva som skulle inngå i transaksjonen, skriv selskapa i ei pressemelding i dag.