Hopp til innhold

Ja, det kan komme slike påskedagar i år også

Årets påske ser ut til å bli ei påske for ein kvar smak. Med både snøfall og strålande dagar.

Røde kors sogndalsdalen påska 2014

GODVÊR: Motiv som dette i Sogndalsdalen i fjor kan det bli håp om frå påskefjellet også i år i fylket. Ein må berre smørje seg med tolmod.

Foto: Vegard Orrestad / RØDE KORS

Vêrmessig blir nok ikkje påska like god som i fjor. Den var den beste på mange år .

– Men det kunne vore verre, seier vakthavande statsmeteorolog Anne-Mette Olsen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Trøblete start

Anne-Mette Olsen

METEOROLOG: Anne-Mette Olsen seier det er gode prognosar for årets påskevêr.

Foto: privat

For prognosane dei siste dagane seier samrøystes at det blir fint påskevêr. Etter ein trøblete start. Med andre ord tid for både inne- og uteaktivitetar.

– Bygeaktiviteten vil auke på utover måndag og det ser ut til å bli nedbør fram til og med torsdag. Frå torsdag kveld til måndag blir det betre, seier Olsen.

Det blir ikkje særskilt med regn, men nedbør som i alle fall skiglade vil tykkje svært godt om.

– Snøgrensa ligg no på 200–400 meter, men etter kvart må du nok ut på kysten for å få nedbøren som regn, legg meteorologen til.

God helg i vente

Legg ein til at det heller ikkje blir noko vind å snakke høgt om, så ligg det meste til rette for at det skal bli ei god påske på mange måtar.

Også vêrmessig neste helg.

– Ja, det ser bra ut med berre nokre høge skyer. Vi får håpe det slår til, men det er jo ei heil veke til og ting kan endre seg. Likevel, prognosane har vore stabile dei siste par-tre dagane og det plar vere eit godt teikn, seier Olsen.

Nokre gode tips

Med vêrgudane delvis på laget, er det berre å gjere sitt for å nyte høgtida. For dei som skal ut i fjellet, er både skredfarevarselet, vegmeldingane, vêrmeldingane og fjellvettsreglane gode stikkord.

– Det er alltid lurt å få med seg vêrmeldingane, for det skal ikkje så mykje vind til før det til dømes kan bli vanskar i fjellet. Elles er det viktig å hugse at sjølv om skredfaren ikkje er stor, så kan skred likevel bli utløyste, seier ho og avsluttar:

– Ein må gjere ting etter forholda.