Hopp til innhold

Desse toppar Ap si fylkestingsliste

Nominasjonsnemnda i Arbeidarpartiet har no sett opp sitt framlegg til valliste for fylkespartiet.

Åshild Kjelsnes, Hilmar Høl og Helene Hjertås

TOPPAR LISTA: Åshild Kjelsnes, Hilmar Høl og Helene Hjertås har fått dei tre første plassane på lista til Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

På dei fire første plassane finn vi Åshild Kjelsnes frå Florø, Hilmar Høl frå Årdal, Helene Hjertaas frå Vågsøy og Torbjørn Vereide frå Gloppen.

No går forslaget ut til lokallaga, slik at dei kan kome med sine innspel. Leiar Anne Kauppi i nominasjonsnemnda er godt nøgd med lista dei har kome fram til.

– Dette er ei bra lista. Etter vår meining er det den beste lista vi kan ha, seier ho.

– Kva har de lagt vekt på?

– Vi har lagt vekt på det skal vere god kjønnsbalanse og spreiing på geografi, alder og yrke. Det er ei godt balansert liste som kan tale saker for heile Sogn og Fjordane.

Går inn i krevjande periode

Det er mange kjente namn i toppen på lista, men Kauppi seier Helene Hjertaas frå Vågsøy har hatt ei bra opprykk.

– Ho var lenger nede sist, men vi har no sett ho på tredjeplass. Fylkestinget skal inn i krevjande periode. Dei som har sete for Ap i inneverande periode har gjort ein god jobb. Vi har valt å prioritere inn att dei som har sagt dei vil vere med vidare.

Blir endeleg vedteken i november

No blir dette forslaget sendt ut til alle kommunepartia i Sogn og Fjordane. Dei har ein frist til å melde inn att eventuelle kommentarar og forslag til endringar,

– Vi skal ha eit møte til før vi legg fram det endeleg forslaget. Deretter blir det nominasjonsmøte i Sogn og Fjordane Arbeidarparti 29. november der den endelege lista blir vedteken.

Dette er nominasjonsnemnda sitt første listeforslag:

  1. Åshild Kjelsnes, Florø
  2. Hilmar Høl, Årdal
  3. Helen Hjertaas, Vågsøy
  4. Torbjørn Vereide, AUF/Gloppen
  5. Karianne Torvanger, Florø
  6. Harald Bjarte Reite, Førde
  7. Marta Finden Halset, Vik
  8. Odd Atle Stegegjerdet, Luster
  9. Senea Sabanovic, Sogndal
  10. Henrik Oppen, Høyanger
  11. Marie Helene H. Brandsdal, Årdal
  12. Arve Helle, Fjaler
  13. Stig Ove Ølmheim, Sogndal
  14. Ragnhild Sæle, Jølster
  15. Helge Robert Midtbø, Førde
  16. Rita Ørnehaug, Hyllestad
  17. Per Egil Hellebust, Selje
  18. Kristin Sagerøy Råsberg, Høyanger
  19. Håkon Myrvang, Naustdal
  20. Rebecka Fedøy Randal, AUF/Gulen
  21. Harald Offerdal, Balestrand
  22. Siri Sandvik, Eid
  23. Stig Tveit, Jølster
  24. Nina Yndestad, Fjaler
  25. Jon Håkon Odd, Leikanger
  26. Aud Østerbø, Førde
  27. Jan Inge Buene, Årdal
  28. Hildegunn Skår, Stryn
  29. Tage Grønvold, Høyanger
  30. Eli Hansen Moen, Luster
  31. Ola Teigen, Florø
  32. Anita Eide Kvamme, Gaular
  33. Bjørnar Førde, Bremanger
  34. Lena Haveland, Førde