Video Olsson fokuserer aldri på det negative - Foto: Nyhetsspiller /

Sogndal toppar tabellen i eliteserien

Trenaren som aldri tenkjer negativt

Tidleg cup-exit for Sogndal betyr at Jonas Olsson og disiplane hans kan rette einaste fokus mot sesongens hovudmål: Å halde plassen i eliteserien.

Eliteseriens tabelltoar gjekk på eit overraskande tremålstap mot 3. divisjonslaget Florø tysdag.

Trenar Jonas Olsson vel å sjå det positive på cup-exiten.

– Vi skulle gjerne vore med, men innser at vi har eit tøft kampprogram. Framleis cupkampar ville gjort det mykje tøffare for oss. Vi får sjå det positive i at vi gjorde så godt vi kunne, men ikkje gjekk vidare, seier svensken.

Overraska Olsson

Olsson vedgår at han er overraska over sesongstarten til disiplane hans. I eliteserien skil det fire poeng mellom dei åtte beste laga.

Strømsgodset har poenget meir enn Sogndal sine 12 poeng. Tabelltoaren står med sterke sigrar mot Vålerenga , Molde og Odd Grenland , og fekk også med seg eit historisk poeng frå Lerkendal .

– At det skulle gå så bra, hadde eg ikkje trudd. Med tanke på føresetnadenen med liten tropp og mange kampar. Med tanke motstanden så hadde ikkje venta så mange poeng, seier han.

God motivator

Olsson blir av spelarane trekt fram som ein god motivator og trenar med fokus på det positive .

Henrik Furebotn (f.v.) og Nikola Djurdjic. I bakgrunnen Ørjan Hopen. - KAPTEIN: Henrik Furebotn har i Eirik Bakke sitt skadefråvær fungert som kaptein for Sogndal. - Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

KAPTEIN: Henrik Furebotn har i Eirik Bakke sitt skadefråvær fungert som kaptein for Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fleire meiner det kan vere løysinga til den gode seriestarten til laget som av mange vart trekt fram som dumpekandidat før sesongstart.

– Han har enkelt og greitt fått oss til å tru på oss sjølve. At vi kan hamle opp med dei beste laga. I fjor var det litt meir at så lenge vi ikkje sleppte inn mål, så var vi sikra eitt poeng. No går vi på bana for å angripe og vinne, seier Henrik Furebotn om den tidlegare IFK Göteborg trenaren.

Kan fokusere

Olsson er ikkje glad for cup-exiten, men som seg hør og bør ser svensken det positive i cupnederlaget.

No kan Sogndal konsentrere seg om hovudmålet for sesongen, som framleis er å sikre eliteseriespel i 2013.

– Det er hovudmålet for sesongen. Vi skal stå med føtene på jorda og syte for at vi klarer målsetninga. Når det er gjort får vi vurdere om vi skal justere målsetjinga, seier han.

– Møtte eit betre lag

Svensken kom til Sogndal ved nyttår og tok over trenarroret etter meir omdiskuterte Harald Aabrekk. Eit av dei første grepa var å innføre felles frukost for spelargruppa. Etter seriestart har ingen kunne hamle opp med saftlaget. Heilt til dei møtte Florø i cupen tysdag.

Olsson vil ikkje ta noko frå prestasjonane til det unge 3. divisjonslaget.

– Vi var ganske slitne etter ein god kamp mot Molde, og fekk ein dårleg start. Men vi møtte eit betre lag, og dei vann fortent. Det er berre å gratulere og ynskje dei lukke til vidare i cupen, seier han om det overraskande cuptapet.

Budde på motgang

For tida er eliteserietabellen favorittlektyren i Sogndal. Og søndag ventar serieleiar Strømsgodset på Marienlyst i Drammen, og det som blir eit skikkeleg toppoppgjer. I reprisen frå generalprøva før seriestart, der Sogndal vann 4-2 , vonar dei å revansjere tysdagens cuptap.

Medan rekkja med ubesigra kampar blir lengre, er både Olsson og spelarane vel klar over at dei samstundes kjem stadig nærare første serietap.

Sogndal-trenaren meiner spelarane er godt budde på å møte motgang.

– Vi har jobba mykje med korleis hjernen fungerer, og korleis vi skal tenkje i ulike situasjonar. Det trur eg kanskje er noko av løysinga og ei sunn innstilling. At spelarane lukar vekk det negative og heller forsterkar det positive, seier han.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Sjekker norskekysten for ålegras
Det lokale brannvesenet får skarp kritikk etter brannane i Lærdal og Gudvangatunnelen. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap meiner dei ikkje var organisert for leia og handtera det heile. Men konklusjonen til direktoratet møter motstand i Lærdal.
Cruisenæringa har ført til protestar frå lokalbefolkinga i Flåm.