Motbakkeprofil droppar Skåla Opp - vil ikkje late att VM-døra

Ein av Norges beste motbakkeløparar, Thorbjørn Thorsen Ludvigsen (25), droppar Skåla Opp.

Thorbjørn Ludvigsen under Storehaugen Opp

KJEM IKKJE: Thorbjørn Thorsen Ludvigsen frå Bergen stiller ikkje på Skåla Opp.

Foto: Storehaugen Opp

– Eg er påmeld, men eg kjem ikkje til å stille. Stiller eg der, får eg ikkje representere Norge i korkje EM eller VM, og eg vil ikkje stengje den døra, seier Ludvigsen.

Han er rekna som ein av dei beste motbakkeløparane i landet, og har vore med på Skåla Opp seks gonger.

– Det er veldig synd, for det er alltid kjekt å springe Skåla Opp. Men slik vert det ikkje i år, seier motbakkeløparen, som spring for Bergen Løpeklubb, Team Salomon.

Kan ikkje testast for doping

Ludvigsen har mange sigrar, ikkje berre i Norge, men også i motbakkeløp andre stadar i verda. I fjor kom han på tredjeplass i herreklassen på Skåla Opp, vel to minutt bak vinnaren Jonathan Wyatt.

Torsdag kveld presiserte Norges Friidrettsforbund at løparar som vel å delta på Skåla Opp i Loen, ikkje kan bli uttekne til EM eller VM i motbakkeløp. Bakgrunnen er at Skåla Opp i år ikkje vert arrangert av ein klubb tilslutta Norges Friidrettsforbund.

Tidlegare har Loen Idrettslag vore medarrangør av Skåla Opp. Dette gjekk arrangøren vekk frå i år, og dermed er ikkje Skåla Opp underlagt IAAF og Norges Idrettsforbund sitt konkurranse- og dopingregelverk. Skåla Opp vert i år arrangert av Loen Active og Alexandra Hotell.

Medan Anti Doping Norge fritt og umeldt kan dukke opp på arrangementet og teste utøvarar i konkurranseklassane i løp som er underlagt desse regelverka, kan dei ikkje gjere det i årets Skåla Opp.

Har fokus på at idretten skal vere rein

Anti Doping Norge er eit frittståande kontrollorgan, og bestemmer sjølve når og viss dei dukkar opp på eit arrangement for å kontrollere utøvarar.

Ludvigsen tykkjer det heile er synd, men er klar på at spesielt det som går på doping, har vege tungt når han skulle ta ei avgjerd.

– Når Skåla Opp ikkje vert arrangert av eit idrettslag, er løpet heller ikkje innanfor dei reglar og retningslinjer som gjeld når det gjeld doping. For meg er det viktig å ha fokus på at idretten skal vere rein, seier Ludvigsen.

Visepresident i Norges Friidrettsforbund, Tore Hordnes, sa torsdag at han fryktar store pengepremiar lokkar utøvarar til å velje metodar som ikkje er etter boka.

– Det er vel ei kjent sak at det har freista mange. Det har også tidlegare år vore spekulasjonar om slikt, seier Hordnes.

Erik Brendefur i Skåla Opp meiner dette dreier seg om at forbundet vil tvinge arrangøren til å betale mellom 70.000 og 80.000 kroner i lisens, noko dei meiner dei ikkje får noko att for. Det vil ikkje Skåla Opp vere med på.

– Dessverre må alle idrettslag som har aktive løparar, godta dette. Men vi er imot startlisensen, seier Brendefur.

Trur fleire vil droppe løpet

Den uroa deler også Ludvigsen. Han hadde gjerne sett at topp tre i alle motbakkeløp automatisk vart testa.

– Eg ønskjer dopingkontrollar velkomne. Det er positivt for løparane også. Då slepp ein spekulasjonar i etterkant om at prestasjonen var umenneskeleg. Med kontroll, får ein svar på at prestasjonen var rein og ekte, seier Ludvigsen.

At løparar no kan vere trygge på at dei kan verte testa for doping under Skåla Opp, tykkjer Ludvigsen er uheldig.

– Ja, det er veldig uheldig, og det er ikkje slik det skal vere, seier Ludvigsen.

Han håpar arrangøren revurderer avgjerda.

– Eg håpar dei ser alvoret i saka. Dette får konsekvensar. Eg trur dei beste løparane i Norge ikkje kjem til å dra til Skåla Opp, seier Ludvigsen.

Aukar løpsmengda

At arrangøren meiner dette dreiar seg om lisens og kostnaden av dette, meiner Ludvigsen får vere så si sak.

– Det kan ein gjerne diskutere. Men det er slik reglane er, og det er likt for alle, seier Ludvigsen.

Sjølv om han droppar Skåla Opp, har han nok av løp å teste beina på. Framover kjem det til å gå slag i slag.

– Det ligg an til 15–20 løp i tida framover, og det er litt fleire enn tidlegare. Eg trur dei beste resultata kjem til å utebli denne sesongen, sidan det vert ein tøff og hard sesong. Men det må berre til, seier Ludvigsen.